GODE ERFARINGER Dei vil flyge i Fyresdal Brukarane har fått det betre, og dei tilsette trivs betre etter at fleire tilsette har fått større stilling. Både avvik og sjukefråvere i Fyresdal AvdelingsleiarLindaBerge. SektorleiarforhelseogomsorgViviA.Nielsen. kommune har gått ned. Tekst og foto: KARIN E. SVENDSEN Torbjørg Sundgot er ein erfaren mottakar av ulike helsetenester. Ho har hatt ein plass på Fyresdal pleie-og omsorgssenter sidan tidleg i haust. Før det budde ho heime og nytta heimesjukepleia i fleire år. Ho har òg vore innom sjukehuset nokre gonger. – Det er lettare her som alle kjenner meg. Her treng eg ikkje informere om det same oppatt og oppatt, seier ho. Sundgot tykkjer det er greitt å bli handsama av kjentfolk. Ein av dei er sjukepleiar Lise Lund. Ho er innom for å smøre armar og hender. Dei er samde om at alt er lettare når alle kjenner kvar- andre. – Vi veit kva Torbjørg vil ha på maten, korleis ho likar å bli stelt og kva ho sjølv kan hjelpe til med, seier Lund. Det umoglege Hovudmålet for pleie-og omsorgssektoren i Fyresdal er høg livskvalitet for brukarane. Det er også den viktigaste grunnen til at dei no arbeider med å avskaffe uønska deltid blant pleiepersonalet. Gjennom prosjekt Uønska deltid fekk 15 tilsette auka stilling i fjor. – Vi reduserer bruken av deltid primært for å auke livskvaliteten til brukarane, understrekar Vivi Nielsen, sektorleiar for helse og omsorg i kommu- nen. Ho nyttar biletet av humla som er skapt slik at ho eigentleg ikkje skulle kunne flyge. Men ho gjer det trass høg vekt og små venger. – Vi skal gje så god bistand at brukarane kan klare det umoglege. Oppgåva vår er å levere tenester som gjer brukarane i stand til å vere sjølvhjelpne og til å leve det livet dei ønskjer, seier Nielsen. Ho meiner det ikkje er mogleg å levere gode nok tenester med mange små stillingar. – Det er vanskeleg å skape kontinuitet for bru- karane med tilsette som berre er innom nokre få timar i veka. Det er heller ikkje lett for ein brukar å vite kven som kjem og kva som skal skje når så mange hjelparar er involverte, meinar Nielsen. Sektorleiaren er også oppteken av at deltid er lite effektiv bruk av ressurspersonar. Både av di tilsette med viktig kompetanse er delvis arbeidslause, og av di avdelingsleiarane må bruke mykje tid på å hand- tere mange tilsette. Betre omdøme Vivi Nielsen ser også tydeleg at auka stillingar og betre kvalitet på tenestene ikkje berre er ein fordel for brukarane. – Det er klart at vi også aukar stillingane av omsyn til dei tilsette. Arbeidsmiljøet blir betre, triv- selen aukar, og dei får større høve til fagleg utvik- ling. Dessutan er det ille at så mange tilsette ikkje har ei løn dei kan leve av. Som sektorleiar er Nielsen også bekymra for rekrutteringa i framtida. – 20 prosent av pleiarane våre har passert 55 år, og mange sluttar å arbeide lenge før pensjonsalde- ren. Vi ønskjer difor å betre arbeidsmiljøet slik at dei tilsette held seg friske, og dei vaksne blir lenger i jobb. Og ikkje minst er det viktig å betre omdømet slik at ungdomen vel å utdanne seg for helsesek- toren. Eg trur uønska deltid er svært uheldig for rekrutteringa. Slik sett er arbeidet for å redusere uønska deltid naudsynt for å sikre gode tenester også i framtida. To sider av same sak Linda Berge er avdelingsleiar på omsorgssenteret og ser tydelege resultat av reduksjonen på uønska deltid. Ho understrekar at dei ikkje hadde noko dårleg arbeidsmiljø før. – Men eg merkar likevel at stemninga på av- delinga er blitt mykje betre. Sjølv er eg glad for at eg slepp å fordele vakter mellom mange som ønskjer å arbeide meir. Og dei andre treng ikkje lenger kave for å få vakter, seier ho. Avdelingsleiaren har også observert at med større 10 BEDRE TJENESTER temahefte-14