ARBEIDSLAG: – Brukarane er meir nøgde etter at vi fekk auka stillingar. Då blir kvardagen også lettare for oss, seier pleiarane Elisabeth Taraldlien (f.h), Lise Lund, og Tordis Myhra Jopperud. stillingar blir det meir naturleg for dei tilsette å ta ansvar. – Når mange er innom på nokre få vakter, er det lett å rekne med at andre tek ansvar. Kontinuitet Med større stillingar er det mogleg å skape større kontinuitet i levering av tenester. Elisabeth Tarald- lien, avdelingsleiar for heimetenestene, er særleg oppteken av dei brukarane som treng samansette tenester. – Vi opprettar fleirfaglege kjernegrupper rundt kvar enkelt tenestemottakar. I ei gruppe er vi sju pleiarar, og vi fordeler vaktene slik at det alltid er ein av oss som kjem til brukaren, og han eller ho veit alltid kven av oss, fortel Taraldlien. For at brukarane skal vite kva som skal skje og kven som skal komme, utarbeidar vi ein detaljert veke-og dagsplan saman med brukar og på- røyrande. – Og viss nokon andre må gå inn, er planane så klare at kontinuiteten likevel blir ivareteken. Prosjekt uønska deltid Da Fyresdal blei med i Kvalitetskommuneprogrammet, hadde dei allereie sett seg som mål å redusere uønska deltid med 80 prosent innan utgangen av september 2009. Ei kartlegging hausten 2007 synte at 18 tilsette ønska auka stilling. Dette tilsvarte ei auke på totalt 5,6 stilling- ar. Ei arbeidsgruppe med politikarar, leiar for helse og omsorg og hovudtillitsvald vart sett ned. Dei vart samde om kriteria for å etterkomme ønska. Mellom anna ville dei prioritere å styrke fagstillingar. Hjelpepleiarar og omsorgsarbeidarar som tidlegare berre arbeidde dag, skulle gå på vakt også i helgene. Små helgestillingar skulle slåast saman med andre stillingar. Kommunestyret vedtok i mars 2008 ei auke av stillingar. Saman med bruk av vakante stillingar fekk sektoren ei total auke på 5,6 stillingar. Resultatet av prosjektet er til no at to sjukepleiarar og 13 hjelpepleiarar heilt eller nær opptil har fått innfridd sine ønske. Uønska deltid er allereie redusert med 83 pro- sent. Saman med andre tiltak har prosjektet også ført til ein reduksjon på sjukefråveret frå 14 prosent til mellom 4 og 8 prosent. Parallelt med auka deltaking i sosiale aktivitetar har dei også registrert ein markant reduksjon av utagerande åtferd. KVALITETSKOMMUNEN FYRESDAL • Fyresdal kommune i Vest- Telemark har vore med i Kvalitetskommuneprogrammet sidan hausten 2007. Kommu- nen har nesten 1400 innbyg- gjarar. • Fyresdal helse-og omsorgs- senter har ein somatisk av- deling med 20 plassar. Fire av desse nyttast som korttids- plassar. Kommunen har åtte omsorgsbustader. Heime- tenesta har 70 brukarar. BEDRE TJENESTER 11 temahefte-14