NasjONaL DUgNaD fOr fagbreV
dugnad for
fleire fagbrev
– Mange kan mykje sjølv om dei ikkje har papir på
det, meiner Brit Flatås.
unikT og posiTiVT: – det
er flott å vere med og løfte
kompetente ansatte fram
til fagbrev, syns brit Flatås,
ved karrieresenteret
i Verdal. (Foto: THor
nieLsen)
Med prosjekt Fagbrev på
jobb er det no mogleg for
praksiskandidatane i
Nord-Trøndelag å ta fagbrev
i helsearbeidar-eller
i barne-og ungdomsarbeidarfaget.
Mange av
dei går heller ikkje ned i
løn. Brit Flatås ved
Karrieresenteret i Verdal
er ei av dei som legg til
rette for at kvar og ein
skal komme i mål.
Tilbyr fleire samtalar
Brit Flatås har vore på mange verksemder og møtt
elevane på deira eigen arbeidsplass. Dei fleste kandidatane
har også vore innom karrieresenteret.
– Vi fylgjer alle elevane tett, og vi reknar med at
kvar og ein treng to eller tre karrieresamtalar undervegs,
seier Flatås.
– Når eg seier tett oppfølging, meiner eg det, så
viss nokon skulle trenge fleire møte, får dei det, legg
ho til.
For karriererettleiaren veit at det er minst ein
grunn til at folk ikkje har tatt fagbrevet. Nokre fekk
tidleg avsmak for skulen, andre blir skremde av
Blir løfta
Karriererettleiar Brit Flatås meiner dei 67 praksiskandidatane
i Nord-Trøndelag fortener å bli løfta
fram som ei verdfull arbeidskraft.
– Vi må sjå at dei har viktig kompetanse, og vi må
verdsetje han, seier ho.
Det gjer ho og kollegaene hennar ved Karrieresenteret
i Verdal. Men for at kandidatane skal få kompetansen
formalisert i form av fagbrev, er mange partar
med på laget. Nokon treng mykje teori, andre lite. Dei
fleste treng også ulik praksis over lang eller kort tid.
Heildigital undervisning
Den teoretiske undervisninga for praksiskandidatane
er heildigital. Skulane nyttar fagstoff på nettet samt
oppgåver knytt til ulike tema. Flatås hadde venta at
det ville bli eit problem for mange. Men også der var
kompetansen høg. Elevane finn undervisningsmateriell
på ei nasjonal nettside, og dei finn oppdatert
informasjon om prosjektet i sitt fylke og på facebook.
– Det som derimot har vore ei utfordring, er
manglande dokumentasjon på tidlegare jobbar.
Mange arbeidsgjevarar skriv knappe attestar utan
naudsynte opplysningar om innhaldet i stillinga,
seier ho.
skjema, og så er det alle dei som utsett det til ein
annan gong. Og plutseleg kjennes det som det er for
seint.
– Vi prøver å rettleie dei over tersklane og gjennom
jungelen, seier Flatås.
Enorm kompetanse
Ein av praksiskandidatane i Nord-Trøndelag hadde
arbeidd i heile 32 år.
– Mange av kandidatane har skaffa seg ein enorm
realkompetanse, og i mange tilfelle er det lite som
skal til før dei kan gå opp til fagprøve, seier Brit
Flatås, som tykkjer det er kjekt å hjelpe dei den siste
biten mot fagbrev.
Ifølgje karriererettleiaren er det ikkje berre praksiskandidatane
sjølve som har nytte av prosjektet. For
kommunane og fylket er det også viktig å auke formalkompetansen.
– Å tilføre arbeidsplassane meir kompetanse er eit
anna mål. Nord-Trøndelag er eit fylke med lågt
utdanningsnivå, og 67 nye fagbrev er stort her, seier
ho.
No håper ho at så mange som mogleg har tatt fag-
brevet våren 2014, eller at dei er på god veg.
32
temahefte-35