AKTUELT Helse Førde snur Det blei for vanskeleg å leggje ned ortopediklinikken i Lærdal. No har styret sett vedtaket om nedlegging til side. Før jul vedtok styret i Helse Førde å oppheve det om- stridde vedtaket frå 6. juli om å leggje ned ortopediklinikken ved Lærdal sjukehus. Ei gruppa ortopedar frå Lærdal, Førde og Nordfjordeid skal lage ein heilskapeleg plan for dei ortopediske tenestene i Helse Førde utan bindingar. Dei vil truleg leggje fram arbeidet sitt tidleg dette året. – Dette er me svært nøgd med, seier Jon Steinar Hole, hovudtillitsvald og leiar for Fagforbundet i Lærdal. Men han minner samstundes om at helseføretaket er pålagd å spare 70 millionar kronar – Dei vil neppe kutte i direktørløner og styrehonorar, meiner han. Om han no kjenner seg trygg på at ortopediklinikken og akuttberedskapen i Lærdal er redda, svarer han: – Når det gjeld lokalsjuke- husa i Sogn og Fjordane, har det skjedd så mykje rart at eg ikkje er trygg på noko. Men eg håpar at dei no vil satse på ortopediklinikken. Og eg må setje mi lit til at regjeringa meiner alvor når dei garan- terer at inga lokalsjukehus skal leggjast ned. Hole understrekar at geografien på Vestlandet og i Nord-Noreg gjer det naudsynt å behalde alle lokalsjukehusa. – Helst hadde eg sett at dei ikkje berre ble oppretthalde, men også forbetra, seier han. Tekst: KARIN E. SVENDSEN TI NYE BILAR: Jon Ellingsund (t.h.) er nøgd med at fagforeininga endeleg har fått gjennomslag for innkjøp av nye ambulansar. Styremedlem i Helse Førde, Kjell Nygård, veit godt at slike investeringar sit langt inne. Hjelper å vere påliteleg Helse Førde har teke tilbake ambulansen, og fleire tilsette har fått full stilling. Foreininga for ambulansepersonell i Sogn og Fjordane er i vekst. Dei har opplevd ein jamn auke siste året, og har no over 60 medlem- mer. Mellom dei som ikkje er med i Sjukepleiar- tillitsvald i Prehospital klinikk, medan Nygård er føretakstillitsvald i Helse Førde. God kontakt – Alle medlemmene ligg inne med e-postadresse hos oss slik at kommunikasjonen går fort og greitt. Når folk tek kontakt, får dei rask tilbakemel- ding – gjerne same dagen, fortel Ellingsund. Direkte kontakt med medlem- mene er sjølvsagt – Men når kvardagen kjem, og folk merker at vi stiller opp for dei, er det mange som kjem attende. Ralf Einar Johannessen meiner også at Fagforbundet har fått eit godt omdøme på grunn av arbei- det med å få ambulansen attende til helseføretaket. Det har dei lukkast med. Foreininga har også lukkast i arbeidet med å skaffe fleire medlemmer full stilling. – Før hadde mange 50–60 prosent stilling. No er det ikkje så mange slike stillingar att, seier Nygaard. Det som krev mest av foreininga no, er arbeidet med vaktordningar. – Føretaket har mange små stasjonar med mykje overtid. Me bruker difor mykje energi for å få arbeidsgjevar til å fylle ubesatte stillingar og utarbeide høvelege vaktordningar. Tekst og foto: KARIN E. SVENDSEN forbundet, er over halvpar- ten organi- serte i Fagfor- bundet. «Me bruker mykje energi for å få arbeidsgjevar til å fylle ubesatte stillingar .» Kjell Nygård, føretakstillitsvald i Helse Førde Ralf Einar Johannessen, opplæringsansvarleg i Fagforbundet Sogn og Fjordane, trur veksten i stor grad skuldast at både Jon Ellingsund og Kjell Nygård driv aktiv verving og god medlemspleie. – Dei er seriøse, ærlege og ryddige. Då får folk tillit til oss, meiner Johannessen. Ellingsund er også ein viktig del av medlem- spleia. Styremedlemmene i forei- ninga har difor vore innom alle stasjonar og institusjonar i 2006. Viktige framsteg Også denne foreininga har merka at KFO har gjort sine framstøyt, og nokre medlemmer har gått over dit. 28 > Fagbladet 1/2007 fbaargang2007 fbseksjonHEL