Misliker mange og korte vakter
Tilsette i deltid ved sjukeheimane i Voss har den siste tida
hatt fleire vaktar enn dei som har full stilling. Kommunen sparer pengar
LANGT FRÅ NØGDE: – Betre turnusar må til for å oppnå likestil- ling, meiner (f.v.) Synnøve Stalheim Mørkve, Reidun Aas, Kari Moe og Målfrid Jordalen.
ved å ha færre folk på jobb i stille periodar.
Tekst: KARIN E. SVENDSEN Foto: SJUR HERRE Deltidstilsette ved sjukeheimane og
open omsorg i Voss har no sett seg lei på turnusar med korte vaktar. Målfrid Jordalen, som sjølv arbeider 90 prosent ved Voss sjukeheim, sette seg ned ein dag i november og skreiv eit protestskriv. Sidan har dei fleste i Fagforbundet i Voss og tilsette i pleie og omsorg skrive under på dei ti punktane i skrivet. Det vart så sendt til kommunetoppane i Voss.
Inga likestilling
– Noko slikt ville aldri ha skjedd i ein mannsdominert sektor, seier Kjersti Simmenes indignert. Simmenes, leiar i Fagforbundet Voss og hovudtillitsvald, kan fortelje at det no er blitt vanskelegare å overleve med ei deltidsstilling enn det var før.
– For å få ei løn å leve av, må ein deltidstilsett ta ekstravakter. Med mange korte vakter er det blitt svært vanskeleg, forklarer ho.
– Det har vore slik at dei som har 90 prosent stilling, går fleire vakter enn dei som er i full stilling, opplyser Simmenes. Ho har sjølv hatt turnus- arbeid sidan tidleg på 1970-talet, men turnusen har aldri vore så ille som sist haust.
– Ei vakt kan no gå frå klokka åtte om morgonen til halv to på ettermid- dagen, eller frå klokka fire på etter- middagen til klokka ni på kvelden.
Meir å gjere
I brevet som blei send til kommune- leiinga og til leiinga ved open omsorg og sjukeheimane i kommunen, blir det hevda at pasientane vert stadig meir pleietrengjande. Pasientrettane krev dokumentasjon, så dei tilsette må også bruke meir tid ved data- maskinen enn før.
– Det er ikkje mogleg å gjere sju timars arbeid på fem timar utan at det blir mange sjukmeldingar av det, seier
hovudtillitsvald Kjersti Simmenes. Dei tilsette i Voss minner òg om at
vi no har fått ei raudgrøn regjering: «Mens den raudgrøne regjeringa
styrkjer eldreomsorga med fleire millionar, opplever vi, i ein kommune med arbeidarpartistyring, at vi skal strypast,» heiter det i brevet.
Dei som arbeider ved sjuke- heimane i Voss, er så lite nøgde med situasjonen at dei ikkje lenger vil oppmode ungdomen til å utdanne seg til helsefagarbeidar.
«Dette er lite verdsett kvinnearbeid med korte vaktar og nesten berre deltidsstillingar,» avsluttar dei brevet.
– Alle skjøner oss og er einige. Men om det hjelper, veit vi ikkje, seier Simmenes.
Resultatet så langt er at kommunen har sett ned eit utval som skal sjå på deltidsproblemet. I dette utvalet sit mellom andre ein representant for Fagforbundet.
Fagbladet 2/2007 > 35
fbaargang2007 fbseksjonHEL