Naturleg hjelpemiddel - Falk og Lilah er spente. Mon tru korleis filmen blir? Er utstyr som digitalkamera, fargeskrivar, skannar, skrivar og teikneprogrammet «paint» noko som du og borna i din barnehage nyttar dagleg? Medan digitale verktøy er blitt naturlege hjelpe- middel i somme barnehagar, er dei framleis fråverande i andre.    Av Astrid Eidhammer Hjelmeland Ved Steinrøysa Barnehage på Lillehammer har dei sidan hausten 2003 nytta digitale verktøy, fortel styrar Tove-Merete Simensen. - Frå å byrja forsiktig med litt spel og bilete, har det bygd på seg, seier ho. I dag nyttar borna data til å teikna (paint), spela, skanna teikningar og liknande. Dei gjer og opptak av song og musikk og nyttar skriveprogrammet Word til å skriva og leika med tal og bokstavar. Sist men ikkje minst lærer borna å ta bilete og redigera desse sjølve. I tillegg har barne- hagen laga fleire animasjons- filmar. Knøtteprisen Ein av filmane, «Prinsessa og krokodillen», leverte barnehagen inn til kortfilmfestivalen- og kon- kurransen Amandus. Lillehammer Filmklubb oppretta i høvet film- bidraget frå Steinrøysa barnehage «Knøtteprisen», og dei unge film- skaparane fekk diplom og T-skjorter. Det ligg mange timar bak ein liten filmsnutt. For å laga den pris- vinnande filmen, laga borna prin- sessa og krokodillen i leire og tok 200 bilete med webkamera. Etterpå spelte dei inn lyd og så var filmen klar. - Filmane dei har laga syner dei fram til dei andre borna, foreldre og andre barnehagar, fortel Simensen. Deling av kunnskap - For å kunne jobba i Steinrøysa barnehage må ein og ha positive haldningar til bruk av data og sjå at kunnskapen om data er ein vik- tig del av barnehagekvardagen, seier Simensen. Dei som kan mykje om data lærer dei som ikkje sit inne med same kunnskapen. Men på kva måte nyttar barne- hagen det dei lagar med dei digitale verktøya? Simensen fortel at dei nyttar data på foreldremøte, der ein syner fram bilete frå kvar- dagen til borna og ting som borna har laga. Vidare har dei lysbilete- framsyningar som går i gardero- ben når borna vert henta. Styrer bruken På spørsmål om det ikkje blir mykje data i løpet av ein dag svarar Simensen at dei styrer bruken av data på same måte som dei styrer andre aktivitetar i løpet av ein dag. - Har me eit barn som berre vel data, eller berre vel legoklossar, styrer me dei og over på andre aktivitetar, avsluttar ho. © Steinrøysa Barnehage fbaargang2007 fbseksjonKIR