Leikepause ifrå alvoret
38 > Fagbladet 3/2007
På sentralsjukehuset i Førde får ungane leike når dei kjem på besøk til mor eller far som er alvorleg sjuk. Pleiarane gjer sitt beste for at dei skal kjenne seg velkomne.
Tekst: KARIN E. SVENDSEN Foto: ARNE STUBHAUG
Alvorlege sjukdommar rammar ikkje berre ein person, men heile familien. Dette har dei teke på alvor dei som arbeider på sjukehuset i Førde. Dei har teke konsekvensen av at også born og unge vert hardt ramma når ein nær vaksenperson får ein alvorleg diagnose.
– Røynslene syner at det er viktig at born og ungdom så tidleg som mogleg får kome på besøk til avdelinga der mor eller far er inn- lagd, seier Tone Gjelsvik Sellevold, rådgjevar og sjukepleiar i Kreft- foreningen, seksjon Vest.
– Tidlegare var det gjengs opp- fatning at born skulle skjermast mot informasjon og samtalar kring alvorlege sjukdommar. I dag er fagfolk einige om at born treng tilpassa infor- masjon og høve til å snakke om det vonde. Det er uråd å skjerme borna når familien vert ramma av krise og sorg, meiner Gjelsvik Sellevold.
Born som ikkje får klar informa- sjon, brukar i følgje Sellevold fantasien og dannar seg fantasibilete om sjukdommen og framtida.
Og desse fantasiane er ikkje gode å leve med.
– Difor er det viktig at born og ungdom vert tekne med til sjukehuset og sjølv får sjå.
Treng kompetanse
Det var Gjelsvik Sellevold som tok kontakt med sjukehuset og foreslo at dei skulle gjere noko for borna til dei som blir lagde inn med ein alvorleg sjukdom.
Det vart oppretta ei ressursgruppe for born som pårørande. Denne gruppa har med sjukepleiarar og hjelpepleiarar frå ulike avdelingar ved sjukehuset. Hovudoppgåva for ressursgruppa er å auke kompetansen mellom dei tilsette slik at alle er i stand til å hjelpe foreldra til å ta vare
på borna som indirekte vert ramma av sjukdom. Vervet som leiar for gruppa går på omgang, og nett no er turen kommen til Kari Daltveit, hjelpepleiar på kirurgisk avdeling.
Ressursgruppa har no halde på i fire år. Dei har arrangert kurs på kvar avdeling slik at dei tilsette er kjende med at born kan vere involverte når ein vaksen kjem inn for kort eller lengre tid med ein alvorleg sjukdom.
Fyrste halvåret møttest gruppa ofte. No møtes dei tre gonger i halvåret.
– Til meir vi lærer, til lettare er det å gå inn i vanskelege situasjonar, meiner Daltveit
Treng også leiker
– Eg hadde ikkje anna enn ein kort- stokk og eit yatzyspel til borna som kom på besøk, minnest hjelpe- pleiaren. Ho og kollegaene forstod at det kunne vere keisamt for ungane
å sitje attmed ei seng i lange tider.
fbaargang2007 fbseksjonHEL