LEDER Slåss for andre Eddie Whyte, leder av Fagforbundet Sandefjord, vet hva trakassering er. I dag slåss han for andre. 20 > TEMA LAYOUT Knut Erik Hermansen knut.hermansen@fagforbundet.no Telefon 23 06 44 70 Heli Kankaanpää heli.kankaanpaa@fagforbundet.no Telefon 23 06 44 69 REPRO/TRYKK Aktietrykkeriet AS ANNONSER Lillian Lindberg lillian.lindberg@fagforbundet.no Telefon 23 06 44 46 Elektronisk materiell sendes til annonser@fagforbundet.no Faks 23 06 44 07 KONTROLLERT OPPLAG 1. HALVÅR 2006: 297.527 www.fagbladet.no BESØKSADRESSE Keysers gt.15 Oslo Foto: Erik M. Sundt Foto: André Pedersen Reservekvinnene Dei vert ikkje heilt rekna med i arbeidslivet desse kvinnene. Først og fremst er dei mødre, ansvarlege for hus og heim. Dersom familien treng meir pengar, eller dersom mor tykkjer ho har tid og ork, kan ho få seg ein deltidsjobb. Slik var det i dei fyrste etterkrigsåra, og slik opplever mange det framleis. Retten til heile stillingar er i ferd med å verte ei av dei store valkampsakene i mange kommunar. No byrjar dei kvinnelege tilsette i kommunane å verte lei av føydale tilsettingsvilkår med forunderlege stillingsbrøkar, mange på under ti prosent. Innan helse- og omsorgstenestene i kommunane er det om lag 200.000 deltidtilsette. Dei fleste er kvinner. «Det er nesten berre kvinner som vert bydd eit fast arbeid det er umogeleg å leve av.» Minst 30.000 ynskjer større stil- ling, rett og slett fordi dei fleste arbeider mykje meir enn den stil- lingsbrøken dei har. Gjennom ein hard kamp om ledige vakter og vilje til å springe på jobb med ein gong det dukkar opp ei ekstravakt, kan nokre av dei skrape saman ei full inntekt. For dei fleste verkar det umogeleg å få ein full fast jobb. Dei kommunale arbeidsgjevarane skuldar på krev- jande turnusordningar, at større stillingar vil koste for mykje eller at dei tilsette vil ha det slik. Deltidskulturen i norske kommunar har vore ein av dei grunnleggjande føresetnadane for at fleire kvinner har vorte aktive yrkesdeltakarar dei siste 50 åra. Men no gjer reservearbeidskrafta opprør. No må kommunepoliti- karane ta ansvar for at det framleis er først og fremst kvinner som vert rekne som annanrangs arbeidskraft. Det er nesten berre kvinner som vert bydd eit fast arbeid det er umogeleg å leve av. Ingen har vel høyrt om verfts- arbeidarar, anleggsarbeidarar eller ingeniørar som vert tilsette som ekstravakter i 12,5 prosent stilling. I 2004 vedtok kommunestyret i Ålesund å kartleggje uønska deltid. Lokalpolitikarane avgjorde at frå no av skulle deltidstilsette stå først i køa når nye stillingsbrøker vart ledige. Utan ekstra kostnadar og utan store vanskar fekk mange større stillingar. JOHNNY DAUGSTAD ANSV. REDAKTØR Ufrivillig deltid Kvinner er mest utsatt for uønsket deltid. Mange må ha flere jobber for å få økonomien til å gå rundt, og det er vanskelig å planlegge fritida når man må være klar til å ta på seg de ekstravaktene som måtte by seg. 8> Det sto berre på politisk vilje. Fagbladet 4/2007 > 3 fbaargang2007 fbseksjonHEL