• Rolleleik for å stimulera språk og omgrepsutvikling: • leik med rim og regler (rimelotto, på eit golv låg ein ulv), • leik med lydar (lytteringen, den forheksa skogen) • stavingsdeling (klappe dyrenamn, klappeleik ute, bøtteknotten) • framlydsanalyse (i-lyden, o-lyden, skoleiken) med få unntak er tilskodar, instruk- tør eller fråverande i elevane sine leikeaktivitetar har dei engelske lærarane ei meir aktiv rolle både i leik og i andre aktivitetar generelt. I dei engelske skulane var lærarane opptekne av å dokumentere ved hjelp av bilete og tekst kva elevane arbeidde med og kvifor. - Det var tekst og tal overalt noko som signaliserte at her var læring av basisferdigheiter som å lese, skrive og rekne i fokus, avsluttar Vatne. Forfattar: Cathrine Bakke Bolin Tittel: En mamma og pappa til Gabriel Illustrert av: Malgorzata Piotrowska Utgjeven av: Gyldendal Gabriel I førre nummer av Pirion skreiv eg om boka «Hente Joel». Det var ei bok som eg absolutt kan anbefala blir lese til ungane i barnehagen for å forklare, for- enkle og ufarleggjere adopsjon for ikkje-adopterte ungar, men som eg som adoptivmor ikkje vil lese til sønene mine. Til det blei boka nettopp det; ei forenkling av ei dramatisk hending i livet til ein adoptert unge. Boka «En mamma og pappa til Gabriel» derimot, fortel akku- rat kva adopsjon er både for ungen og foreldra. Dramatisk, vanskeleg og fantastisk. Me blir kjende med Hannah og Knut som ønskjer seg eit barn, men som ikkje får. Ein dag forstår dei kva dei må gjere. «Vi må ønskje oss ein gut eller ei jente som allereie er fødd, men som ikkje har nokon mor eller far. Ein gut eller ei jente som treng oss». Så startar arbeidet med alle papira som må fyllast ut. Venting. Reisa til Colombia. Og til slutt møtet med Gabriel. Som berre grin. For alt er nytt og framand for Gabriel. Han sit i eit rom han ikkje har vore i før, på fanget til ein mann han ikkje kjenner. Han har nyklypt hår, har bada og fått ny raud genser med bilete av ein krokodille på. Han veit ikkje kor dei andre ungane frå barneheimen er. Eller dei vaksne. Og inn i rommet kjem Hannah og Knut med tårer i augo, men han veit ikkje kven dei er. Han forstår ikkje kva dei seier, og dei har rar hudfarge. Akkurat som grisungen han fekk mate ein gong. Så Gabriel grin. Deretter er det ny venting, denne gongen på hotell i Colombia. Mange veker går før viktige papir er i orden, og dei kan reise heim til Noreg. Men det er ikkje lett for vesle Gabriel. Han tenkjer på landet langt borte. På Colombia. På alle ungane han budde saman med. Før skjønte han kva dei andre sa. Hannah og Knut snakkar rart, og dei luktar rart. Dei spelar musikk han ikkje kan dansa til, og det er kaldt ute. Han frys. Før var det varmt og han kunne springe ute heilt naken, Og bada. Med dei andre ungane. Og kvar dag kjem det nye folk på besøk. Alle vil helse på Gabriel. Alle vil gi han pre- sang. Men ein dag får Gabriel nok. Han vil ikkje ha meir besøk, han vil ikkje ha fleire presangar. Han blir sint. Hannah forstår, heldigvis. Gabriel ønskjer å vere åleine med mor og far. Han vil vere åleine med familien sin. Elna Rivedal -Det var i følge Bente Vatne tekst og tal overalt i dei engelske klasseromma som signaliserte at her var læring av basisferdigheiter som å lese, skrive og rekne i fokus. © Pirion LES! fbaargang2007 fbseksjonKIR