Distribuert med Fagbladet
Ingen litteratur blir god før han møter ein lesar. Det meiner Ellen Skaadel, som har tredve års fartstid som
bibliotekar.
Astrid Eidhammer Hjelmeland
Bøker til borna
Bøker er viktig for born, seier Skaadel. Medan foreldre ofte tenkjer bodskap så likar born å lesa for å bli underhaldne og for at det er kjekt. Det er også kjekt at bøker fortel om det å føla ting, og at dei er spen-
nande og crazy, held ho fram. Mangfaldet er er viktig, understrekar Skaadel, og ho
legg vekt på at å lesa gjev borna større ordforråd, og at borna lærer seg å setja ord på kjenslene sine.
Bøker der borna er
Skaadel ivrar for at biblioteket oppsøkjer born i barnehagar eller skular. Det er viktig at bøkene er der borna, er slik at alle får lik tilgang til dei, understrekar ho. Medan barnehageborn er avhengige av å
bli følgde til biblioteket er det mange familiar som ikkje har tradisjon for å oppsøkja bibliotek.
Skaadel har mange års erfaring frå barne- og ungdoms-
avdelingar på Folkebiblioteket, men jobbar i dag som bibliotekar på Åkrehamn Vidaregåande Skule. Der veiledar ho óg studentar på studieretninga barne- og ungdomsarbeid i formidling av barne- og ungdomslitteratur.
Kvalitet
Det er utruleg mykje bra bøker for born i Noreg i dag, med gode illustrasjonar laga av profesjonelle folk, seier Skaadel. Det finst mange biletbøker frå Noreg og Sverige, men ikkje så veldig mange frå den store verda. Men det finst unntak. Ho dreg fram den tyske boka om muldvarpen som ville vite kven som hadde bæsja i hovudet på han. Den boka er heilt suve-
ren og passar så vel for dei minste som dei litt eldre, seier Skaadel.
Kjenn bøkene
For å kunne formidla god barnelitteratur må ein vite om dei gode bøkene, seier Skaadel. Naturleg nok er det lettast for bibliotekarar å tileigne seg kunnskap om kva for litteratur som er tilgjengeleg. Samstundes er det viktig at ein får formidla dette vidare til foreldre, lærarar og førskulelærarar slik at dei kan lesa for borna.
Sjølv har Skaadel erfaring med å halda «bokpratkurs» der ein presenterer god litteratur og der ein får diskutera kvifor ein skal lesa, kva ein skal lesa og korleis ein skal lesa.
Vil du finne ut meir om god barnelitteratur? Ta ein kikk her: www.barnebokkritikk.no http://lesesenteret.uis.no/ forside/
eller søk med søkeorda litteratur+barn+ungdom+blogg og finn fleire interessante bloggar på nett.
Nettstadar der du finn barnebøker: blamannbok.no (nynorsk), skald.no (nynorsk), mangshcou.no, bokklubben.no
40 > Fagbladet 6-7/2007
fbaargang2007 fbseksjonKIR