Fremjar barnelitteraturen
Distribuert med Fagbladet
Det er ein engasjert
redaktør som sit i stolen
for barne- og ungdomsav-
delinga i Samlaget.
Pirion har fått ein prat
med Ragnfrid Trohaug
om kva tankar ho gjer seg
rundt temaet god
barnelitteratur.
Astrid Eidhammer Hjelmeland
Ragnfrid Trohaug, redaktør i barne- og ungdomsavdelinga i Samlaget.
Den beste barnelitteraturen er den som treff barnelesaren og som har eit litterært og kunstnarleg uttrykk som er godt, seier Trohaug. Men ho understrekar at det er ulikt korleis den gode barnelitteraturen kjem til uttrykk.
Barnelitteraturen skal vera både trygg og god. Ein skal som lesar få både kjende og ukjende illustrasjonar og forteljingar, og det i eit godt språk og ei god utforming.
Litt i kvar fot
Eg trur at ein har færre mulegheiter i livet om ein ikkje har tilgang på eit rikt og komplekst språk, seier Trohaug, og ho understrekar at barnelitteraturen er ein viktig stad for språkdanning og språkforståing.
Fordi litteraturen er med på å læra ein å forstå livet og verda, og ikkje minst, gjev lesarane språk for livet og verda, held ho fram. Barnelesaren skal kunne seie: det er slik det er! Eller: er det slik det er?
Trass i at noko av barnelitteraturen kan vera dårleg og flat, meiner Trohaug at det er viktig å lesa så mykje ulik litteratur som råd, alt frå serielitteratur til tyngre ting.
Bruk biblioteka
Korleis får ein tak i god barnelitteratur? Trohaug er rask med å føreslå fysisk leiting på biblioteket, gjerne med hjelp av gode bibliotekarar. I tillegg rosar ho barne- og ungdomsbibliotekarar som ved hjelp av bloggar legg ut oversikt og meiningar om denne typen litteratur.
Noko som passar for meg? Problemet er ikkje at ungar ikkje les lenger, seier Trohaug. Problemet er som oftast at det ikkje er nokon som kan fortelja dei kva for ei bok som passar for akkurat dei. Det er i tillegg til opplyste førskulelærarar og allmennlærarar viktig med ei organisering av litteraturformidlarar som kjem inn i skulen på besøk og presenterer bøker, seier ho.
Når det gjeld formidling er det og viktig at bokhandlarar og bibliotekarar har lese dei gode bøkene og veit at dei finst og at dei kan svara på spørsmål og losa lesaren rundt til dei gode leseopplevingane.
PINNE, GRISEN OG VESLE VENNEN
Tekst og bilete av Lena Anderson, omsett til norsk av Marit Tusvik, Samlaget 2007
Piggsvinet Pinne sit heime og heklar og voggar babyen sin. Då Grisen kjem, har dei kveldsmat saman. Men så får dei besøk av ein ny liten venn, ei lita jente, som er så lei seg. Ho har nemleg kome vekk frå mora si! Hjå Pinne får ho varm suppe og ei seng, og neste morgon hjelper alle den vesle vennen med å leite
etter mor. Ho er det søøøtaste som eg har sett, kviskrar Grisen, og det
kan han ha rett i. Figurane til Lena Anderson er så søte at ein må vere laga av stein viss ein ikkje blir forelska i dei.
Boka er den fjerde av bøkene om Pinne som er komen på norsk, og også denne er skriven på rim. Ei bok til å bli glad av og glad i.
Toyni Tobekk
Fagbladet 6-7/2007 > 41
LES!
© Jan Nordtveit
fbaargang2007 fbseksjonKIR