AV OG TIL ER DEI TO: May Britt Storum (t.v.) og Judith Dahl reiser saman i dag. Etter dette besøket skal dei innom ein brukar som kan vere aggressiv. Gode grep gjer auka tryggleik Dei tilsette på Vardafjell omsorgssenter i Haugesund arbeider no oftare saman to og to, og dei har fått kurs i meistring av vald. Tekst og foto: KARIN E. SVENDSEN Mykje er gjort i heimetenesta ved Vardafjell omsorgssenter etter at dei i 2003 fekk to pålegg frå Arbeidstilsynet om å førebyggje trugsmål og vald retta mot dei tilsette i heimetenesta. I samband med Rett heim-kampanja fekk dei klår melding om å få ned talet på trugsmål og valdsepisodar. – Vi har fått på plass eit system for korleis vi skal hjelpe brukarar som vi ikkje kjenner oss trygge på, fortel omsorgsarbeidar May Britt Storum og assistent Judith Dahl. Når dei skal heim til brukarar med rusproblem eller brukarar som stundom er aggressive, er dei alltid to. Storum, som er verneombod for heimetenestene på Vardafjell, forklårar at når dei kjem inn til ein brukar som i blant er aggressiv, har dei ei klår semje om korleis dei skal samhandle. Ein gjer arbeidet, medan den andre, som er minst kjend med brukaren, berre er til stades. KJEKT Å HA: – Når brukaren nett er heimkomen, og alt utstyr enno ikkje er på plass, tar vi med ein sekk med sklimatter og belte som er greie å bruke ved forflytting, fortel May Britt Storum. Kurs mot vald – Talet på brukarar med rusproblem, psykiske lidingar og demenssjukdommar har auka dei siste åra. Mange av dei som før ville fått plass på institusjon, bur no heime. Resultatet er fleire aggressive brukarar enn for nokre år sidan, fortel dei. Dei tilsette har difor fått fleire kurs i korleis dei skal møte aggresjon. – Vi kjenner oss trygge når vi er blitt trena til å fange opp signal om aggresjon, og har lært både å dempe aggressiv åtferd og å verne oss. Dessutan har vi eit samarbeid med politiet slik at vi kan varsle dei om det skulle vere naudsynt. 40 > Fagbladet 8/2007 fbaargang2007 fbseksjonHEL