Nokre av brukarane har eit nettverk, og dei kjem seg ut. Andre treng meir til selskap, meiner ho. Tida ho får til overs ein stad, sparer ho til ein brukar som sit mykje åleine.
For nokre år sidan vart heimehjelpa og heimesjukepleia slått saman på Vardafjell.
– Vi har truleg spart litt tid på å organisere oss slik, seier dei to.
– Dei aller fleste, også vikarane, har medisinkurs. Dersom vi skal heim for å gjere reint hos ein brukar, kan vi difor ta med medisin med det same.
For å få mindre tidspress for kvar
enkelt, har dei tilsette og rutine på å ringje kvarandre om dei er ferdige med lista si før arbeidsdagen er slutt.
Meistringsglede
For å betre arbeidsmiljøet, få ned sjukefråveret, førebyggje skadar og auke meistringsgleda starta Vardafjell saman med eit anna omsorgssenter i 2004 eit prosjekt for å auke kompetansen til dei tilsette.
– Dette er eit toårig tilbod til alle dei tilsette – ikkje berre dei faglærte, understrekar Hilde S. Hauge, leiar ved Vardafjell omsorgssenter.
STØTTE PÅ BADET: – Denne krakken er god å stø seg til når du er dårleg til beins og skal inn i dusjen, seier Judith Dahl.
Ho fortel at dei tilsette får vere med på samlingar med påfølgjande vegleiing tre gonger i halvåret. Det er til saman 32 plassar på kvart kurs, og til no er det heile 16 frå Vardafjell som har vore med.
– Dette er kurs som er svært relevante for den daglege arbeidssituasjonen deira, fortel Hauge, og nemner tema som demenssjukdomar, ernæring, etiske dilemma og sårpleie.
– Deltakarane har også høve til å påverke tema på opplæringsprogrammet, seier ho.
Sidan 2006 har dette opplæringsprogrammet vore godkjend som del av klinisk fagstige i Fagforbundet og Norsk Sykepleierforbund.
Då Vardafjell nyleg fekk nytt besøk frå Arbeidstilsynet, fekk dei attest på at dei hadde følgt pålegga.
Glad for framgang
I 2003 fekk Vardafjell registrert både avvik, merknader og pålegg frå Arbeidstilsynet. Pålegg: • Utarbeide ein plan for korleis tekniske hjel-
pemiddel kunne kome fram til brukar tidle-
gare for å førebyggje skadar hjå dei tilsette. • Utarbeide rutinar for opplæring i forflyt-
tingsteknikk. • Opplæring i å førebyggje og handtere vald
• Utarbeide rutinar for å fylgje opp for å førebyggje seinverknader etter slike episodar.
– Oppfylgjingstilsyn i 2004 syner at vi har sett i gang mykje godt arbeid, og at vi måtte arbeide vidare med å få sett i verk tiltak, vedlikehalde og fullføre, seier Hilde S. Hauge, dagleg leiar ved Vardafjell omsorgssenter.
Dei har enno ikkje fått skriftleg rapport etter oppfølgingstilsynet i år.
– Men vi har fått mykje ros for å ha arbeidd
systematisk gjennom alle punkt. Dei såg no at rutinar var på plass, og i dag ville vi ikkje ha fått avvik.
Men tilsynet oppmuntra oss til å ha fokus på vald og trugsmål og ikkje minst tidspress, då dette er eit problemområde i heimebaserte tenester, seier Hauge og legg til at målet deira er at alle tilsette skal bli sett, høyrt og ivareteke, og at dei ynskjer eit inkluderande arbeidsmiljø.
og trugsmål.
42 > Fagbladet 8/2007
fbaargang2007 fbseksjonHEL