FANTASTISK: – Eg hadde to flotte og interessante veker då eg hospiterte på sjukehuset i Haugesund, seier omsorgsarbeidar og hjelpepleiar Ellen Karin Steinkjella.
– Vi er til dømes samde om at vi ikkje lover noko på vegne av andre. Før risikerte vi at pasientane kom heim og venta seg noko vi ikkje kunne innfri. No får pasientane rettleiing før dei blir skrivne ut frå sjukehuset, men dei får ingen lovnader. Arbeidspresset er stort både på sjukehuset og i primærhelsetenesta. Dette kan i blant gjere samhandlinga krevjande. Avtalene seier korleis samhandlinga skal gå føre seg. Framleis oppstår det likevel situasjonar der samhandling ikkje er i tråd med det ein var einige om.
– Då sender vi avviksmelding til sjukehuset. Vi arbeider mykje for å få til ein konstruktiv handtering av avvika. Denne innsatsen er verdifull, og vi kjenner oss trygge på at den er nyttig både for dei tilsette og for brukarane, fastslår Rosseland.
Færre overraskingar
For dei tilsette på bestillarkontoret og i heimetenesta har samhandlingsarbeidet vore særs viktig. I dag kan Rosseland og leiaren på bestillarkontoret, Reidun Kvinnsland, le når dei tenkjer på hissige telefonar frå sjukehuset. No som dei har sett kor travelt det er der inne, skjønar dei at folk på sjukehuset også kan bli litt stressa i telefonen.
– No er vi einige om at utskrivingsdato skal fastsettast i dialog mellom
sjukehus og kommunehelsetenesta. Dette har medverka til at vi i førevegen kan sjå kven som kjem, og vi kan samordne pasientmottaket, seier Kvinnsland.
Før kunne dei av og til å få ein telefon frå sjukehuset fredag ettermiddag klokka to med melding om at den og den pasienten var på veg heim, og at han trengte oppfølging tre gonger om dagen. Det hender ikkje så ofte no.
Overføring av informasjon
Før var det også eit problem at dokumentasjonen som skulle følgje pasienten, kom seint eller ikkje i det heile.
– Overføring av informasjon er eit sentralt område for forbetring, meiner Rosseland.
– Det er viktig at naudsynt informasjon fylgjer brukaren. Manglande informasjon kan til dømes auke faren for feilmedisinering. Det kan vere
kritisk både i høve til nye og gamle brukarar, seier Rosseland. Ho opplyser at samarbeidsutvalet med representantar frå sjukehuset og kommunane arbeider for at dokumentasjonen skal kunne sendast elektronisk.
Hjelp til krevjande pleie
Ein tilleggsavtale sikrar helsetenesta i Karmøy kommune opplæring frå sjukehuset i visse høve.
– Det hender vi tar imot brukarar som av ulike grunnar har behov for spesialiserte tenester. I slike høve kan vi gjere avtale om at sjukehuspersonell kjem ut til oss i primærhelsetenesta, eller vi kan sende vårt personale på opplæring på sjukehuset. Dette er særleg aktuelt ved smertelindring og terminal pleie. Her opplever vi ei spesialisthelseteneste som verkeleg vil yte og hjelper oss på ein god måte, seier Rosseland.
Kvifor ein lukkast
Agenda Utredning og Utvikling har på oppdrag frå KS evaluert ein del samhandlingsprosjekt mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Agenda peiker på nokre faktorar som skal til for at samarbeidet blir vellukka. Mellom anna er det naudsynt at partane oppfattar kvarandre som likeverdige. Røynslene syner også at dei som har forankra prosjekta på leiar- og mellomleiarnivå, har lettare for å lukkast. Samarbeidsprosjektet mellom Helse Fonna og kommunane i opptaksområdet er ein av modellane som har overlevd prosjektperioden.
36 > Fagbladet 10/2007
fbaargang2007 fbseksjonHEL