Brurepar på kunstutstilling «DEN KULTURELLE BÆREMEISEN»: • Eit nytt treårig kunstformidlingsprosjekt for dei yngste borna i Bergen kommune. • Ti pilotbarnehagar har vore med sidan starten sist haust. Ei utviding til femten barnehagar står no på trappene. • Barnehagane som er valt ut, får tilgang til kompetent rettleiing, prosjektmiddel, samt at personalet får ta del i faglege forum og seminar. • Prosjektet ønskjer å utfordre ungane i forhold til det profesjonelle kunstlivet, samstundes som det vil ta vare på dei skapande evnene og talenta deira. www.bergen.kommune.no Eit pionerprosjekt i Bergen kommune har vekt borna si interesse for kunst. Sprudlevatn og tubamusikk var med då dei yngste opna utstilling på forsommaren. TEKST OG FOTO: Ingrid Hillestad XDet er høgtideleg og forventingsfull stemning i bakgarden til Barnas hus i Bergen når ei kunstutstilling i regi av «Den kulturelle bæremeisen» i Bergen kommune skal opne denne solrike tysdagen i juni. Utkledde ungar, journalistar og andre frammøtte får med seg ein fanfare på tuba, før prosjektleiar Greta Evjen gjer klart for snorklypping. Like over dørterskelen blir me møtte av det første kunstprosjektet. Me får glas med champagnefarga brus, før me vandrar vidare innover i lokala og oppover i etasjene. Her har til saman ti barnehagar laga utstillingar med ulike tema. Vinn-vinn-situasjon Barnehagane har valt fokusområde. Valet stod mellom Edvard Grieg, dans eller visuell kunst, fortel Evjen, som er tilsett i Bergen kommune som leiar for «Den kulturelle bæremeisen». Ho fortel om svært god respons på prosjektet. Profesjonelle kunstnarar og ein filosof er rundt i barnehagane og samarbeider med ungane, og det er ikkje berre borna og dei tilsette i barnehagane som trivst med denne måten å jobbe på. Dette er ein vinn-vinn-situasjon. Begge grupper er kreative. Når ein let profesjonelle møte amatørar, får ein eit tredje uttrykk. Alle som har vore innom prosjektet så langt, ønskjer å halde fram, seier ho. Leikar med identitet Det er ikkje første gongen dei deltakande barnehagane stiller ut kunsten sin. I løpet av det siste året har dei også vore deltakarar og samarbeidspartnarar ved ulike festivalar. Kreativiteten og ideane til barnehagane som stiller ut, ser ut til å vere utan grenser. Innan dei tre temaområda finn me alt frå romskip og akrobatar til eit levande brurepar rett frå forteljinga om Peer Gynt. Lyrikk, noko som blir kalla fotosofi, måleri, samt dans frå ulike kulturar er også representerte. Nokre av barnehagane har jobba med eigen identitet, ved å late namnet på barnehagen eller avdelingane deira vere utgangspunkt for undring og skaping. Ladegården barnehage har late den omfattande vølinga som det gamle bygget deira går gjennom, bli utgangspunkt for ei kunstutstilling med ord, lyd og bilete. Her er kaos og nyskaping stikkord. fbaargang2007 fbseksjonKIR