Dina i Solbakken barnehage har måla Ingrid (t.h) som gret fordi ho vil ha Peer, og ikkje Mads som står i midten med blått slips. Ein romfarar laga av gjenbruksmateriale var mellom det som møtte publikum. Til venstre for romfararen heng eit måleri laga i samarbeid med kunstnaren Silje Heggren. Ho har måla medan ungane har fortalt korleis dei ville ha motivet. Det er opp til fantasien å tyde biletet! Prosjektleiar Greta Evjen tar i mot unge kunstnarar som kjem til utstillingsopninga. Filosofiske born Filosof Anders P. Petersen har vore rundt i barnehagane og tenkt høgt med ungane. Her med Sandsli barnehage i bakgrunnen. Midt i utstillinga heng mellom mykje anna, ein diger romfarar. Han er rekonstruert av materiale me har funne på gjenbruksstasjonen, forklarer førskulelærarane Marie Aaraas og Malin Beate Høyland frå Bortigard barnehage. Fleire av utstillingane er krydra med spørsmål som viser at ungane har filosofert rundt det dei har halde på med: Kva er ein akrobat? Kan me sveve som fly og fuglar? Kan Ladegården barnehage har laga kunst med ord, bilete og lyd av den omfattande vølinga barnehagen deira går gjennom. fargar danse? Kva er planetar? Dette er mellom dei mange problemstillingane me møter. Filosof Anders P. Petersen er sjølv til stades på opninga, med eige born på armen. Det er mykje god tankekraft i dei yngste. Borna si evne til å tenkje er underkjend i filosofien, meiner han som er med og får fram undringa i ungane si kreative verd. Ladegården barnehage har laga kunst med ord, bilde og lyd av den omfattande vølinga barnehagen deira går gjennom. fbaargang2007 fbseksjonKIR