Hva er følelser? Illustrert av Bo Gaustad Cappelens Forlag AS, 2007 I Hva er følelser? møter me Åsne, Anders, Ali og Vilde som opplev å bli sinte, glade, misunnelege, triste, redde, flaue, einsame og får dårleg samvit. Denne boka viser oss kva kjensler er og kva som skjer med oss når me opplever heilt kvardagslege ting som å vere åleine heime, at nokon vert sinte på oss eller at mamma og pappa kranglar. Kvart kapittel i boka handlar om ei kjensle og startar med nokre få spørsmål som lesaren kan tenkje over, til dømes: «Kva gjer deg glad?», «Korleis kjennest det inni deg då?» – og «Kva er motsett av å vere glad?». For borna kan dette vere ein god start på eit tema som kan vere litt vanskeleg. Kapitla er basert på ei enkel og kvardagsleg historie som fortel kvifor me føler det me gjer. På slutten får me også ei oppsummering som viser oss kva me til dømes kan bli glade av, og kva som fører til at me av og til vert triste. Boka ber preg av å vere pedagogisk korrekt, den har ein enkel og stram regi og er bunden saman av ei klår og sterk forteljarstemme. Illustrasjonane er prega av sterke fargar og ein enkel strek som byggjer godt opp om historiene. Mange av borna vil kjenne seg att i ansiktsuttrykk og situasjonar som er skildra gjennom blyanten. Framsida er også tiltalande, dominert av den sterke raudfargen som samstundes kan skildre fleire kjensler. For at boka skal oppnå sine relativt høge pedagogiske mål, må ein truleg som lesar krydre forteljingane og teikningane med forklaringar og små historier som passar for det einskilde barnet. Men klarer ein det, vil nok boka vere både oppklarande og forteljande for dei små. Judith Sørhus Litlehamar PiRion-kurs Kva kultur er det me ønskjer at barna våre skal lære? Om kurset Kulturavisa Pirion tilbyr kurs i kulturformidling for tilsette i barnehage og småskule og elles andre som arbeider med små barn. Kurset skal vere med å bevisstgjera dei vaksne på kva kultur ein ønskjer å formidle og syne korleis den lokale kulturen og historia er eit godt grunnlag for dette. Korleis skapar me ein kulturbarnehage? Ole Brum, Ola Tveiten eller Barbie, kor hentar barna opplevingar frå? Kontakt: Vil du tinga kurs eller få meir informasjon, ta kontakt med Astrid Eidhammer Hjelmeland: tlf: 52 79 04 84 / 97 19 47 88 (måndag og tysdag mellom 9 og 15) epost: pirion@norsk-plan.no Samstundes blir det praktiske øvingar som dei vaksne kan ta med seg i sitt vidare arbeid. Pirionkurset passar for både små og store grupper. Kurset varar mellom 6 og 8 timar. Om Pirion Stiftinga Pirion gir ut kulturavisa Pirion fire gonger i året. Me bidreg og fast til Fagbladet, seksjon kyrkje, kultur og oppvekst, åtte gonger årleg. Pirionkursa er eit tilbod me har til alle, heilt uavhengig av abonnement. Om kurshaldarane Kurshaldarane våre har brei erfaring frå folkemusikk, forteljarstudium, kulturskule og kulturliv generelt. PiRion Tips oss på pirion@norsk-plan.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no PIRION ER STØTTA AV NORSK KULTURRÅD, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 07/2007, 8. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar: Stiftinga Pirion Adresse: Pirion, Næringsbedet i Vatlandsvåg, 4235HebnesTlf:52790482,faks52790481.Heimeside:www.pirion.no Ansvarlegredaktør:ToyniTobekk,mobil98221410Redaksjon:AstridEidhammerHjelmeland,tlf52790484 E-post:pirion@norsk-plan.no Formgjeving: Salikat Design LES! fbaargang2007 fbseksjonKIR