Valiumsnippar frå Vågå Gerd Gjesling Sandbo og Magnhild Råstad treff kvarandre to dagar i veka for å bake. Dette er ein del av grøn omsorg i Vågå kommune. Tekst og foto: KARIN E. SVENDSEN Når deigane er sett til heving, dekkjer dei bordet og et formiddagsmat. Då er det også tid for ei oppdatering. – Dei har gått tom for bakst på Frivilligsentralen. Dit leverer me fast, så i dag bakar me berre for dei, opplyser Magnhild. Ho kan også fortelje at dei har fått tinging på to fyrstekaker. – Men det har ikkje nokon hast. Vi tek det når det passar, legg ho til. Godt rykte Og det kan det bli ei stund til. For Gerd minner om at no er det berre to veker til fødselsdagen hennar. Ho vil servere både sjokoladekake, eplekake og sukkerbrød. Fram til fødselsdagen kan det kome inn fleire tingingar. For ryktet om den gode baksten har spreidd seg. – Mange vil ha oss til å bake når dei skal ha selskap og andre samkome. Det er artig, tykkjer Gerd og Magnhild. – Kanskje blir det for travelt til at vi kan ut i skogen og plukke bær, undrar Gerd. Nervedag Kjøkenet på Råstad er fast leverandør av bakst til den internasjonale psykiatridagen, eller nervedagen som han heiter i Varme, vande hender trillar bollar. Dufta av nybakte rundstykke siv sakte ut or omnen. Og i bakebollen ligg kringledeigen og ventar og veks. Det er bakedag på kjøkenet til Magnhild Råstad. Garden hennar ligg eit par kilometer frå Vågåmo, og etter avtale med kommunen kjem tre brukarar hit kvar veke. Gerd Gjesling Sandbo er ein av brukarane. Ho er her på måndag og onsdag. Av og til er dei utomhus, men som oftast finn dei på noko inne. Mest baking I dag skulle dei ha plukka bær, men det regna i natt. – Så det får bli ein annan gong, meiner Gerd. For henne er visst det like greitt. – Gerd likar best å bake, så det blir mest av det, fortel Magnhild. 30 > Fagbladet 12/2007 fbaargang2007 fbseksjonHEL