«Dette har framfor alt med livskvalitet å gjere. Men det er også ein økonomisk fordel for kommunen.» SVEIN HOLEN, helse- og sosialsjef i Vågå men fungerer også som sjåfør. Den andre dagen blir ho assistert av ein aktivitør. Tidlegare har både ein ergoterapeut, frivillige, ein aktivitørlærling og elevar frå helse- og sosiallina på skulen vore knytt til dette grøne tilbodet. Balanse – Målet vårt er at kvar og ein etter ein dag i grøn omsorg skal oppleve at brukaren har meistra noko, at han eller ho har betydd noko for dei andre og har kjent glede, fortel Jorunn Heier. Ho har heile tida i bakhovudet at dette er menneske som har opplevd mange tap og nederlag. – Vi prøver å finne aktivitetar som brukarane kan meistre, noko dei har halde på med før og som dei framleis har interesse for, seier ho. – Det er til dømes populært å arbeide her på garden. Mange har sjølv gått på skulen i ei tid då folk kanskje var vande med meir orden enn no. «Det er ikkje slik det skal sjå ut på ein landbruksskule,» sa ein av brukarane ein dag då vi var ute og raka og rydda. Dei kjende verkeleg at dei gjorde noko nyttig den dagen. Eit døme på kor vanskeleg det er å vete kva kvar enkelt kan og ikkje kan, er mannen som ikkje lenger klarte å smøre brødskiva si sjølv. – Då me var ute for å arbeide med ved ein dag, vart vi difor gledeleg overraska over at han faktisk var i stand til å kløyve. Det er ei utfordring både å sjå og ta vare på dei sterke sidene hos den einskilde brukar og grensene for kva han eller ho kan ha glede av å vere med på. – Vi prøver og feilar heile vegen. Ein gong reiste vi til dømes til Gjende for å ro ut og fiske. Mange av dei som den gongen var med, hadde vore ivrige fiskarar tidlegare. Men det synte seg diverre at dei ikkje lenger klarte å ro, fortel ho. Velkomen Kvar dag i denne grøne omsorgsgruppa byrjar med at Jorunn ønskjer velkommen ved å møte blikket, hand- helse og nemne namnet til kvar og ein. – Stemninga er alltid særs god når vi er saman, fortel ho. – Brukarane er hyggelege mot kvarandre, og dei liker godt å snakke tull, eller å rive kjeft, som det heiter her. Slikt blir det mykje moro av. På bussturen tilbake til Vågåmo seier Gunhild, som alltid har ein kjapp, ertande og treffande replikk, meir enn ein gong at «det var ikkje så ilt meint som det var sagt». Og då minibussen møter ein bil, vinkar Leif. Dei andre spurde om det var ein kar frå Lom. – Nei, det kan ikkje ha vore det. Han helste tilbake, svarer vagværen med glimt i auget. Kan takke pårøyrande Kriteria for å bli med i dagtilbodet er at brukaren er vurdert av demensteamet i kommunen, at han eller ho har GODE KJENSLER: – Vi prøver å tilby aktivitetar som kan gje opplevingar av meistring og suksess, seier Jorunn Heier. ein merkbar mental svikt, bur heime og at gangfunksjonen framleis er intakt. Tilbodet blei oppretta då fleire innbyggjarar under 65 år blei ramma 32 > Fagbladet 2/2008 fbaargang2008 fbseksjonHEL