Bruk songen i kvardagen Folkemusikar Unni Løvlid vil gje borna eit repertoar og ein kunnskap om lokal musikkarv. Den unge musikaren Unni Løvlid har markert seg som ein viktig formidlar av lokale rim, regler og songar til barnehageborn. Ikkje minst held songar som «Den fyrste song», «Fanteguten» og «Byssan byssan liten sull». Lokale versjonar Prosjektet «So ro liten tull» gjekk over eit halvt år der barnehagane fekk fem ulike besøk av folkemusikarar. Målet var å gjere borna bevisste på den lokale musikalske arven. Det vart også vektlagt å auka kommunikasjonen mellom gamal og ung, ved å gje borna eit repetoar som var kjent på tvers av generasjonane. Dette prosjektet resulterte også i ein CD. Borna lærte eit stort repetoar songar som dei tok med seg heim og song for besteforeldra. Så kom dei gjerne attende med ein litt annleis versjon, slik bestemora song den. Og det var nettopp dei lokale versjonane eg ville at barnehagane skulle bruke seinare. Løvlid er oppteken av overleveringa av tradisjonane. Ein skal lære materialet på ein skikkeleg måte og med respekt før ein eventuelt endrar på det, men ikkje slik at det døyr ut. Ho legg vekt på at songane må brukast aktivt i kvardagen for å overleve. Å få lov til å setje i gang ein ny tanke hjå eit barn må jo vere noko av et viktigaste og det sterkaste ein kan oppleve, meiner ho. Må synge i kvardagen Unni Løvlid meiner sjølv ho er ein igangsetjar. Eg gir borna eit repetoar og ein kunnskap. Eg likar å setje ting i gang. Noko av det viktigaste er at kvar einskild barnehage brukar dette i kvardagen. Ein kan finne songar som ein kan synge samtidig som ein tek på seg støvlane og skal ut å leike. Nokre av songane er jo så korte at dei er meir eller mindre som ein kommentar. Dei songane har eg tru på. Og det finst så mange godnattsongar, leikar, eventyr og historier. Eg opplever at folk er veldig bevisste på å føre desse tradisjonane vidare, seier ho. Løvlid har musikkpedagogisk utdanning frå Noregs Musikkhøgskole og har blant anna undervisningserfaring frå den same høgskulen samt Ole Bull Akademiet. Ho er i tillegg medlem av gruppene Fjøgl og Rusk og har gitt ut fleire plater. I 2007 fekk ho også æra av å opne Griegåret. er ho kjend gjennom prosjektet «So ro liten tull» der om lag 1900 born i alderen 3 5 år var direkte involverte, medan 1500 andre born var involverte mellom samlingane. Her fekk borna møte songtradisjonar frå heimfylka sine; Oppland, Sogn og Fjordane og Telemark. Dette prosjektet har også Løvlid gjennomført fleire gonger tidlegare. Desse songane har noko tidlaust over seg. Dei borna vel å ta med seg frå barnehagetida har dei med seg når dei er 80 år, seier ho og viser til eit repetoar som inne- © Astrid Eidhammer Hjelmeland    © Toyni Tobekk fbaargang2008 fbseksjonKIR