Skattkista Returdresse: Pirion, Næringsbedet i Vatlandsvåg, 4235 Hebnes B GODNATTBOKA Illustrert av Gunvor Rasmussen. Skald 2007. Godnattboka er ei god samling forteljingar. Her er både nye og meir etablerte stemmer representerte, i alt inneheld boka 22 nye nynorske forteljingar der målgruppa er born frå og med seks år. Her er namn som Brit Bildøen, Henning Rivedal, Frode Grytten, Ragnar Hovland og Odd Njøs med sine kveldshistorier. Den mest markerte av debutantane er truleg Sylfest Lomheim, som skriv om bestefaren. Bestefaren fortel om pilasteinen som ligg heime på bøen som dei bruka til å leike på og hoppe ned i snøen frå. Lomheim skriv overraskande godt, sjølv om historia hans somme tider stoppar noko opp og rytmen somme tider vert litt for fast. Uansett: bestefar sine historier på sengekanten er alltid populære hjå borna. Framfor alt er dette nettopp forteljingar levande forteljingar i ein god litterær tradisjon. Dette kjenner borna frå før – og dei vil truleg setje pris på varmen, nærleiken og ikkje minst dei gode skildringane som vert teikna med eit saftig språk. Her høyrer me om ulven som ligg under senga, Miranda og loftet, to appelsinar og ikkje minst Sylfest nummer to i boka: Sofagrisen Sylfest. Det er Ingunn E. Wiken som let oss bli kjende med sofagrisen, og ho gir oss truleg det mest humoristiske innslaget i boka med sofagrisen. Sylfest som sovnar på den gulblomstra sofaen med den berbare PC-en mellom griselabbane. Den tradisjonelle forteljarkunsten ligg djupt i dei fleste av oss. Mange minnest høgtlesinga på kvelden som ei dyrebar stund frå barndommen, og mange vil føre dette vidare til sine eigne born. Godnattboka er eit godt bidrag til å klare det. Lette og jordnære forteljingar fører til at boka har ei historie for dei fleste og mange av dei kan ein lese opp att og opp att. Det er noko av vitsen. Samlinga byrjar med forteljingar for dei minste borna, og så vert dei både lengre og vanskelegare utover i boka. Godnattboka er god å halde i, den har tjukt papir og gir eit inntrykk av å vere både stødig og innbydande. Illustrasjonane til Gunvor Rasmussen leikar seg i varme fargar og den markerte streken hennar fører til at illustrasjonane gir eit fullstendig bilete av forteljingane. Det er mykje tekst i boka, kanskje for mykje, samstundes er også dét med på gi tyngde til verket og ikkje minst la historiene stå for seg sjølve. Forteljingane skal vere rause med ord og bilete. Å lese høgt skal ta tid. Det er mange debutantar i Godnattboka. Og dei forsvinn ikkje. Derimot er det forfriskande at nye stemmer også slepp til, stemmer som tydelegvis har mykje å formidle. Godnattboka vil truleg få sin faste plass i mange bokhyller, og ikkje minst på mange nattbord. Judith Sørhus Litlehamar PiRion -kurs Kva kultur er det me ønskjer at barna våre skal lære? Om kurset Kulturavisa Pirion tilbyr kurs i kulturformidling for tilsette i barnehage og småskule og elles andre som arbeider med små barn. Kurset skal vere med å bevisstgjera dei vaksne på kva kultur ein ønskjer å formidle og syne korleis den lokale kulturen og historia er eit godt grunnlag for dette. Korleis skapar me ein kulturbarnehage? Ole Brum, Ola Tveiten eller Barbie, kor hentar barna opplevingar frå? Kontakt: Vil du tinga kurs eller få meir informasjon, ta kontakt med Astrid Eidhammer Hjelmeland: tlf: 52 79 04 84 / 97 19 47 88 (måndag og tysdag mellom 9 og 15) epost: pirion@norsk-plan.no Samstundes blir det praktiske øvingar som dei vaksne kan ta med seg i sitt vidare arbeid. Pirionkurset passar for både små og store grupper. Kurset varar mellom 6 og 8 timar. Om Pirion Stiftinga Pirion gir ut kulturavisa Pirion fire gonger i året. Me bidreg og fast til Fagbladet, seksjon kyrkje, kultur og oppvekst, åtte gonger årleg. Pirionkursa er eit tilbod me har til alle, heilt uavhengig av abonnement. Om kurshaldarane Kurshaldarane våre har brei erfaring frå folkemusikk, forteljarstudium, kulturskule og kulturliv generelt. PiRion Tips oss på pirion@norsk-plan.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no PIRION ER STØTTA AV NORSK KULTURRÅD, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 01/2008, 9. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar: Stiftinga Pirion Adresse: Pirion, Næringsbedet i Vatlandsvåg, 4235HebnesTlf:52790482,faks52790481.Heimeside:www.pirion.no Ansvarlegredaktør:ToyniTobekk,mobil98221410Redaksjon:AstridEidhammerHjelmeland,tlf52790484 E-post:pirion@norsk-plan.no Formgjeving: Salikat Design LES! fbaargang2008 fbseksjonKIR