Lyttar og lærer: Ungane synest både det er stas å trykke seg fram på skjermen, og går gjerne fleire inn saman for å lytte til dei spennande historiene. Innlesinga av tekstane vart gjort med regi av ein lokal teaterinstruktør. Ny nærheit: Sjølv om mange i den yngste generasjonen ikkje pratar halling, får me tilbakemelding på at ungane opplever bibelforteljingane som nærare når dei blir fortalt på dialekt, seier Tonje Røgeberg (42), som er teamleiar for lyttedusjprosjektet i Hallingdal Prosti. Det var nemleg det kyrkjeverje i Ål, Kjellfred Dekko, tenkte at kyrkja burde gjere noko med, etter at han hadde vore på eit mållagsmøte i Valdres og høyrt at Den Norske Kyrkja, med sin hang til dansk og riksmål, opp gjennom historia har vore med på å vatne ut dialektane rundt om i landet. Trykkteknologi Tanken vart snart ein del av Ål Kyrkje og Hallingdal Prosti sitt reformarbeid kring dåpsopplæringa, og i juni 2006 stod resultatet av den kreative prosessen klart: To små trehus på storleik med ei dokkestove, der rastlause gudsteneste – og gravferdungar kan høyre bibelforteljingar på kav halling. På veggen i kvar lyttedusj er det installert ein pc-skjerm, der ungane ved å trykke seg fram kan velje mellom seks ulike bibelforteljingar. Forteljingane er henta frå «Bibel for born», der sogene ligg tett opp mot originalhistoriene i Bibelen. Kjem nærare Ungane synest både det er stas å trykke seg fram på skjermen og å ha ein eigen gøymestad i kyrkja, og går gjerne fleire inn saman. Det krev sjølvsagt litt oppfølging frå dei vaksne, som må passe på at det ikkje blir for mange ungar i huset og at maset frå andre om å koma inn ikkje skapar for stor uro. Og sjølv om mange i den yngste generasjonen ikkje pratar halling til dagleg, får me som prestar tilbakemelding på at ungane opplever bibelforteljingane som nærare når dei blir fortalt på dialekt, seier Tonje Røgeberg (42), som er undervisningsprest og teamleiar for dåpsopplæringsarbeidet i Hallingdal Prosti. fbaargang2008 fbseksjonKIR