FRI med maske Når vi kler oss ut, tar vi på oss ein annan personlegdom. Det kan vere veldig frigjerande, fortel scenograf og kostymemakar Aud Sigrid Flesland. TEKST: TOYNI TOBEKK Småting ein har i barnehagen kan vere godt eigna til kulisser og kostymer, forsikrar scenograf Aud Sigrid Flesland. Born frå Etne Kulturskule i kostymer designa av Aud sigrid Flesland til teateroppsetjinga «Dei 12 månadane». Det kan kjennast meir naturleg for eit barn enn for ein vaksen å kle seg ut. Kanskje heng det saman med at barna enno ikkje veit kven dei skal bli og derfor lettare kan leve seg inn i ei fantasiverd. Flesland har jobba med mange teaterproduksjonar for barn og opplever at barna bruker teater og rollespel til å få uttrykke kjensler dei ikkje alltid greier kome fram med elles. Dei sjenerte blir ofte modigare når dei kjem på ein scene, meiner Flesland. Då har dei «lov» til å uttrykkje seg. Rollespel kan og vere eit godt høve til å hente fram dei ungane som til vanleg ikkje får stå i fokus på eit positivt vis, og Flesland minner om at det kan gjere underverk for eit barn som blir mobba eller utstøytt å få spele prinsen, helten eller ein av dei andre gode hovudrollene i ei oppsetjing. Pappesker og mormors gardiner Kostymer og kulisser speler ei viktig rolle i drama, anten ein har ei teateroppsetjing i kulturskulen eller eit enkelt rollespel i barnehagen. Eit kostyme er med og stadfestar kven du er, kva yrke du har, statusen din og kva periode du opererer i, seier Flesland. Sjølv om det kan vere kjekt med tilpassa kostymer, er mormors gamle gardiner mange gonger godt nok for den kvardagslege rolleleiken. Papirmasker på pinnar er også enkle å lage og bruke. Pappesker er dessutan svært eigna til kulisser, seier Flesland. Dei tålar mykje og kan brukast til nesten kva som helst. Du kan til dømes skjere ut ei dør og lage eit inngangsparti, føreslår ho. Eventyret Prinsessa på erta har til dømes blitt sett opp med kulisser laga utelukkande av pappesker. Med litt maling eller stoffrestar kan ein få til mykje med lite. © Astrid Eidhammar Hjelmeland © Astrid Eidhammar Hjelmeland © Toyni Tobekk fbaargang2008 fbseksjonKIR