Kunst og kjemi
Denne hausten har fleire hundre elevar vore innom Kunstsenteret
i Førde. Dei har eksperimentert med raudkål, ulike væsker og fargar.
Dei fargerike eksperimenta kan vere på veg til å bli kunst.
Tekst: KARIN E. SVENDSEN Foto: STEIN SANDEMOSE BÅRDSEN (Sogn og Fjordane Kunstmuseum)
KUNSTVERK: Ein performanceinstallasjon av Sinikka J. Olsen.
Alle dei 600 elevane på ungdomsskulane i Førde og nabokommunane Naustdal, Gaular og Jølster fekk i september vitje Kunstsenteret sør i Sogn og Fjordane. Her har dei møtt biletkunstnaren Sinikka J. Olsen, fått ein innføring i prosessen og med kvite
frakkar sjølv fått høve til å teste ut ulike kjemiske reaksjonar.
Fargar av grønsak
Olsen har sjølv utvikla ein teknikk for å framstille fargar, mønster og formar ved at ulike væsker vert dryppa på eit fotopapir som har vore fukta i raudkålsaft. Dei fargane og mønstra som oppstår på denne måten, vert overførte til ein pc, der ho arbeider vidare.
– Raudkål inneheld mengder av antocyaniner og kan brukast til å indikere pH-verdien i ei væske, forklårar Morten Johan Svendsen, direktør ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum.
Raudkålens antocyaniner har tydelege fargeomslag. Kunstnaren har funne fram til at dei er raude i sure løysingar, lilla ved nøytrale løysingar
og blå i basiske løysingar. I tillegg vert det danna ein sterk gul farge i sterke basiske løysingar når antocyaninane vert brotne ned.
Laboratorium i galleri
– Galleriet er omskapt til forskningslaboratorium, og med innlånt utstyr frå Sentralsjukehuset i Førde har me prøvd å skape ein vitskapleg atmosfære slik at elevane får ei kjensle av å arbeide i eit forskningslaboratorium, fortel Svendsen.
28 > Fagbladet 7/2008
fbaargang2008 fbseksjonKIR