EIN SUKSESS: – Av dei 20 som vart tilsette, har berre ein slutta. Dei aller fleste er glade for full jobb, men nokon saknar kontinuitet i arbeidet, seier Eva Strand (t.h.) her saman med hovudtillitsvald Sissel Bjørnhjell. «Arbeidsmiljøet er kjempebra, og her er det tillate med nokre sprell» Inger-Hilde Dyrseth Wullum, hjelpepleier 70 prosent på demensavdelinga, leiger eg ut til deira gamle arbeidsplass, seier Strand. Ho leiger ut til saman seks årsverk til andre avdelingar. Dei andre avdelingane fekk ikkje berre nokre hol i turnusen då demensavdelinga vart oppretta. – Eg skapte snarare store krater i turnusen deira, fortel Strand. –Ogviersamdeomategikkjeskal tappe dei for vikarar også. Difor har eg leita fram tre faglærte hjelpepleiarar og omsorgsarbeidarar som hadde vore ute av helsesektoren ein periode, og eg har tatt inn ein del elevar, studentar og andre dyktige vikarar. Ein føresetnad for at systemet fungerer, er at avdelingsleiaren på demensavdelinga har eit godt og nært forhold til alle dei andre avdelingsleiarane, og Strand er glad for at ho kjenner tenestene godt etter mange år i heimetenestene og som lokal tillitsvald for Norsk Sykepleierforbund. – Eg kan ikkje berre lite på logistik- ken. Det hender til dømes at eg har leigd ut folk herfrå, og så får eg fråvere her, medan dei kanskje ikkje treng forsterkningar der. Så eg er avhengig av godvilje frå alle kantar. Overskytande kapasitet blir nytta til kompetanseheving og aktivitetar. – Vi har høg kompetanse på demensomsorg i kommunen og nyttar ein del ressursar på skolering. Sjukepleiarane bruker også noko tid på demensteamet. Dessutan har vi oppretta ei halv stilling som kulturmedarbeidar, og ein av omsorgsarbeidarane ved demensavdelinga er tilsett der. Ei anna utfordring er korleis alle dei 30 som er knytt til avdelinga, skal få same informasjon når dei er to veker på avdelinga og to veker andre stader. – Alle er pålagde å oppdatere seg når dei kjem attende. Eg vil helst ikkje nytte rapportmøta på det, for der skal den einskilde bebuar stå i sentrum. Vi lagar difor ei datamappe kvar månad med oppdatering på nye rutinar og ny kunnskap. Det er jo viktig at vi alle dreg i same leia. Særleg spanande tykkjer avdelingsleiaren det har vore å byggje opp ein heilt ny kultur. – Vi er til dømes samde om å dele gylne augneblink med kvarandre. Vi skriv ned anonymiserte historier. Eg syns også vi har lukkast med å byggje opp ein kultur der alle er synlege og får syne kva dei duger til. Slik gjer vi kvarandre gode, og vi er glade for at vi jobbar i lag. Ulike røynsler Inger-Hilde Dyrseth Wullum er ein av dei som trivs godt med to faste arbeidsplassar. Ho er fast på demensavdelinga med 75 prosent, og har no 25 prosent i habiliteringstenesta. – Arbeidsmiljøet er kjempebra, og her er det tillate med nokre sprell, fortel ho og seier ho kjenner seg som plomma i egget. Ella Marie Rødsand, som arbeider på to ulike avdelingar på sjukeheimen, har litt andre røynsler. Ho er ein av fleire som ikkje kjenner seg heime korkje her eller der. – Eg har det godt på begge avdelingane og er nøgd med at eg har fått full jobb og full løn. Men også dette systemet har ei bakside. Eg syns det kan bli stritt med to ulike turnusar. Og sjølv om eg les meg opp når eg kjem tilbake hit, får eg ikkje med meg alt. Alt blir ikkje skriven ned. Eg merker at det blir skapt nokre uskrivne reglar også, seier ho. > HEILTID I SUNNDAL • Sunndal kommune i Møre og Romsdal har om lag 7400 innbyggjarar. Med dei 12 nye plassane på demensavdelinga har kommunen no totalt 118 institusjonsplassar pluss 6 plassar i eit bufellesskap for personar med demens. Sunndal bruker i år 128 millionar kronar på pleie og omsorg. • Hausten 2007 vedtok kommunestyret å opprette 24 heiltidsstillingar knytta til den nye demensavdelinga. Dei tilsette har hovudbasen på avdelinga, men arbeider også noko på ein annan avdeling eller eining i kommunen. Samanlikna med forlaget frå rådmannen var dette ei auke på 8 årsverk, og prisen var 3,4 millionar høgare. Den nye avdelinga blei opna 1. mai 2008. Ordninga skal evaluerast etter to år. • Alle dei seks elevane på Helse og sosial VG2 ved Sunndal vidaregåande skule får læreplass på Sunndal helsetun. 40 > Fagbladet 2/2009 fbaargang2009 fbseksjonHEL