BOKMELDING Natt Vrimlebok Av Rotraut Susanne Berner Omsetjing:Hanna Midtbø, Ragnfrid Trohaug Samlaget 2009 Mange hugsar nok Vår Vrimlebok, Haust Vrimlebok, Vinter Vrimlebok og Sommar Vrimlebok. Dette er den femte boka om livet i Vrimleby. Her er mange historier utan ord. Birgit som ikkje får sove, Susanne og Santosh som går kveldstur, Mingus og Feline som har familietreff, Oskar junior som søv i hagen, Frank som syklar utan lys. Vrimlebøkene er store, robuste og fargeglade. Her kan borna fylgje personar, dyr og gjenstandar gjennom boka, utan at dei må lese noko som helst. Dei minste borna vil truleg finne mykje glede i å peike, dikte små historier om det dei ser, og ikkje minst leite på neste side for å finne ut korleis det gjekk med favoritten deira. Og større born kan bruke mykje tid på detaljane i boka, samstundes som dei kanskje blir inspirerte til å finne si eiga historie i teikningane? For det er nettopp bilete denne boka består av. Store, gode teikningar som både er realistiske og detaljrike. Og kvar minste bil, sykkel eller person har si eiga historie som blir fortalt på neste side. Dette er biletboka ein aldri blir heilt ferdig med, og som høver for born i alle aldrar. Kanskje kan den også nyttast i undervisninga i barneskulen, til å stimulere kreativitet og skrivelyst? Her er mange historier å fortelje for den som les høgt, og det er mange ting å oppdage for den som fylgjer med. Dette er ei biletbok som fortener at ein tek seg tid til å undre seg, peike, forklare og dikte. Judith Sørhus Litlehamar Ho har mange forteljingar på repertoaret, men ho har berre nytta fem forteljingar i boka «Marie». Via kontakt med designbyrået Ramsøy design, som har utforma boka vart Bjørndalen introdusert for kunstnaren Anja Tveiterås, som har illustrert forteljingane i boka. Namnet på karakteren i boka har ho henta frå sitt eige namn. Eg heiter Olaug Marie, men tykte ikkje at Olaug klang så bra til karakteren i forteljingane. Etter gode innspel frå barnehageborn enda ho opp med å velja Marie som namn på karakteren og boka. FORTELJINGAR FRÅ SOMALIA Vinje kulturskule har samla songar, leikar og eventyr ifrå Somalia. I samband med mangfaldsåret 2008 trykte kommunen opp eit nytt opplag av heftet som kan vera til god hjelp for barnehagar, skular, kulturskular og flyktningkontor. Heftet er eit resultat av eit prosjekt i Vinje kulturskule i 2001, fortel kulturkonsulent Tone Svalastog Garnes. Ho var flyktningkonsulent i Vinje kommune frå nyttår 1989 til 2000. Som flyktningkonsulent såg eg behovet for å synleggjera noko av innvandrarkulturen, seier Garnes. Saman med somaliarane i Vinje samla Garnes stoffet, og materialet er omsett til norsk/somali av tolken Mohamed Weli Sheikh. Vinje kommune fekk sine fyrste flyktningar frå Somalia i 1987 og fekk i 2008 Amnestyprisen for det vellukka integreringsarbeidet som har blitt gjort fram til i dag. Identitetsskapande Eventyr og leikar? ja, vi hadde mange, men eg minnest dei ikkje. Ja eg minnest litt, men ikkje heile eventyret. Har ikkje tid eller overskot til å tenkja på slikt. Mange av flykningeborna og foreldra svarar at dei ikkje har eigne forteljingar eller eventyr når dei vert spurte, fortel Garnes. Ved å få tilgang til eventyr og historier frå deira eige land, vil identitetskjensla deira styrkast. Samstundes som mykje er likt i forteljingane frå Noreg og Somalia og gjev gjenkjenning og spegling, er det rom for å stilla spørsmål til det som er meir framandt, seier ho. Det er òg lettare å tilnærma seg spørsmål om kva det som er likt og ulikt, ved å nytta forteljing og song. Då kan ein lettare unngå fiendtlege haldningar. Ei av utfordringane ved innsamlingsarbeidet var at det var dei eldste som sat på materialet, fortel Garnes. Dei hadde ord og uttrykk som den yngre generasjonen ikkje kjende til. På denne måten fekk dei unge utvikla sitt eige språk og fekk kjennskap til uttrykk og metaforar som tidlegare var ukjende for dei, avsluttar Garnes. Det er råd å få tak i heftet ved å kontakta Vinje kulturkontor. Marie hugsa godt at ho fekk ei flott dokke av storebror sin, Hans Johan, som ho kalla dokka si opp etter. Illustrasjon: Anja Tveiterås fbaargang2009 fbseksjonKIR