PIT PARION yrkespraksisen min har eg besøkt mange barne- Ut i kulturen I NILS TORE GRAM ØKLAND førstelektor i norsk ved Høgskulen Stord/ Haugesund (HSH) Det vert i dag lagt auka vekt på at læraren må vera fagleg sterk. For meg inneber dette at førskulelæraren også må vera sterk på det miljøet og den kulturen som barna møter utanfor barnehageporten. Det er min påstand at det er først då det lokale landskapet kan fungera som ein god læringsarena – ein stad for konkretisering og eksemplifisering av teoretisk og språkleggjort fagkunnskap. Liksom barnehagen er ein tverrfagleg læringsstad utan den faglege oppsplittinga ein finn i skulen, så er også verda og landskapet utanfor porten eit mangefagleg miljø. Kulturen er over alt i landskapet. Med kultur meiner eg då på den eine sida den rådande allmennkulturen slik han kjem fram i tankar og skikkar, munnleg tradisjon, byggeskikk og arbeidsliv osv. På den andre sida finn me danningskulturen som ofte bryt med det gjengse og tilvante. Me møter han t.d. i ulike kunstformer. I tillegg har me den kommersielle kulturen som først og fremst rettar seg mot å gi oss eit fritidstilbod. Barnekulturen hentar element frå alle desse kjeldene. Delvis består barnekulturen av vaksenproduserte element, både kommersielle som t.d. film, og danningselement som t.d. barneteater eller god forteljekunst. Delvis inneheld barnekulturen element som barna sjølv produserer og traderer, det me gjerne kallar barns eigen kultur, slik som t.d. barns leikar og forteljingar. Danning for barn betyr å veksa inn i, ta del i og verta medskaparar i denne vide kulturfellesskapen. Dersom førskulelæraren er interessert, førebudd og innsiktsfull, kan han gjera turane i landskapet og opphalda i nærmiljøet til varierte kulturopplevingar. For barna kan desse erfaringane inngå i eit utviklande samspel med aktivitetane innanfor barnehageporten. hagar. Porten inn til barnehagen har ofte ein lås som er konstruert på ein finurlig og utspekulert måte. Dette gir deg straks ei kjensle av å koma til ein institusjon – ei lukka verd. Når du vel er innanfor, finn du deg likevel fort til rette og oppdagar at dette er eit pulserande samfunn der ungane har det kjekt. Dei møter eit mangfald av impulsar, og heile tida gjer dei nye livserfaringar. Såleis er barnehagen ein variert og fleirfagleg læringsarena. Utanfor barnehageporten ligg ei større verd; eit spen- nande landskap, ein samansett kultur, eit mangfaldig læringsrom. Når barnehagen dreg på tur i det lokale miljøet og landskapet, har dette naturlegvis ei fysisk side; det å få bruka kroppen og stimulera sansane. Mitt poeng i denne kommentaren er at me ikkje må oversjå at slike turar også har ei danningsside. Førskulelæraren tek nesten dagleg barna med på slike små danningsreiser. Difor bør det pedagogiske personalet skaffa seg grundig og detaljert kunnskap om og kjennskap til det lokale miljøet som barnehagebarna møter utanfor porten, anten det er i by eller bygd. Det kan dei gjera gjennom skriftlege kjelder, ved å prata med folk som har vakse opp og arbeidd i miljøet eller ved t.d. å invitera ressurspersonar som har greie på lokal kultur og miljø til planleggingsdagar eller avdelingsmøte. PiRion Tips oss på pirion@norsk-plan.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no PIRION ER STØTTA AV NORSK KULTURRÅD, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 5/2009, 10. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar: Stiftinga Pirion Adresse: Pirion, Næringsbedet i Vatlandsvåg, 4235 Hebnes Tlf:52790482,faks52790481.Heimeside:www.pirion.no Ansvarlegredaktør:AstridEidhammerHjelmeland,tlf52790484,mob.97194788E-post:pirion@norsk-plan.noKorrektur:DagGjerdeFormgjeving:SalikatDesign fbaargang2009 fbseksjonKIR