Den aller beste tingen Gyrid Axel Øvsteng og Per Ragnar Møkleby Samlaget 2009 Det er ikkje så mange barnebøker der me får fylgja hovudpersonen frå vilter fireåring til sengeliggjande eldre mann. Men det får me i boka «FINN!», som handlar om – nettopp – Finn, og etterkomarane hans. Finn er også ordspelet boka byggjer på – Finn si oppgåve er å finna. Og det han skal finna er ikkje noko mindre enn Den Aller Beste Tingen. Til hjelp har han toget sitt, som fylgjer med gjennom heile boka. Dette toget kan gå både i luft og på sjø, og Finn finn mykje fint med toget. Men finn han det aller beste? Då boka byrjar er Finn fire år og køyrer tog på leitinga si. Så er han åtte og leitar etter Den Aller Beste Tingen i bøkene. Som attenåring har han flytta for seg sjølv, og det er det mykje bra med, men...? (Femåringen her i huset festa seg mest ved at Finn på dette stadiet et så mykje snop han vil, utan å spørja foreldra om lov.) Så vert Finn sjølv far, men det skjer seg mellom han og sonen Vesle-Finn. Ikkje likar han tog, og ikkje likar han å reisa. For å skjøna seg på sonen prøver Finn å koma seg inn i hovudet på han – heilt bokstavleg – men må gje det opp. Neste gong møter me Finn som gamal og sjuk 60-åring, og då dukkar berginga opp i form av barnebarnet BittevesleFinn. Dei to tek ut på tur med det gode, gamle toget – og sjå om ikkje alle brikkene då fell på plass. Boka er såpass surrealistisk og underleg at ingen ting av handlinga vert opplagt eller keisamt. Dei yngste lesarane kan mora seg over overdrivingar og merkelege påfunn, sjølv om det kanhenda kan vera vanskelegare for dei å sjå tråden i ei tradisjonell historie. Den vaksne lesaren vil sjå mange tema i boka: tilhøvet mellom fantasi og realisme, tilhøvet mellom far og son, om å leita etter meining. Så ein kan nytta boka til å koma inn på slike emne, om ein skulle ynskja det. Boka er ei biletbok i den forstand at bileta fyller langt meir av sidene enn teksten. Illustrasjonane gjev boka eit særpreg, og mykje av praten med dei yngste vil handla om teikningane. Denne boka trur eg vil gjera lukke til høgtlesing for ungar frå 3-4 år og oppover. Dei små vil også ha glede av å sjå på teikningane på eiga hand. «Finn!» er laga av Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møkleby og kom på Samlaget no i 2009. Boka er på 40 sider. 40 > Fagbladet 8/2009 Øystein Skjæveland Tonje Glimmerdal Maria Parr Illustrert av Åshild Irgens, Samlaget 2009 Under dyna heime hjå oss ligg to gutar. Den eine vert fem år til jul og den andre er nett fylt ti. Regnet hamrar på taket. I det skrå skinet frå nattbordlampa ser vi kartet på innsida av permen i den nye boka. Vardetind, Glimmerhornet og Veslehammaren rammar inn Glimmerdalen med Gunnvald sin gard og Tonje sin gard. Sommarfjøsen og huset til Sally. Elva vert breiare ned mot Hagen helsecamping. Heilt nede ved fjorden ligg trygdebustadane, kaia og kiosken. Det er 11 km til Barkvika og 63 km til byen. No blar vi om og reiser til Glimmerdalen i lag. Tonje Glimmerdal er det einaste barnet i Glimmerdalen. Bestevennen hennar er ein gammal staur som heiter Gunnvald. Han er 74 år og sauebonde. – Det er min santen eit sørgjeleg utval vi har her i Glimmerdalen, tenkjer Tonje i sine tunge stunder. Men inst inne veit Tonje at Gunnvald hadde vore bestevennen hennar om det så budde ti år gamle barn på kvar einaste tue i heile dalen. – Kva skulle du gjort utan med Gunnvald?, spør Tonje ofte. – Då hadde eg grave med ned og sjølvdauda, svarar han. I den nye boka til Maria Parr er ramma for forteljinga det som hender i Glimmerdalen frå vinterferien til påskeferien dette året då Tonje snart skal fylle ti år. Det skal testast heimesmidde rattkjelkar, takast salto frå Vardetinden, lamma skal komme og Gladiator må flyttast opp i sommarfjøsen. Her trengst det fart og sjølvtillit! Men det skal også komme eit brev om noko hemmeleg, noko stort som trugar med å øydelegge det gode livet i Glimmerdalen for alltid. Om det ikkje var for Glimmerdalens vesle dunder. Det er så mykje godt å seie om denne forteljinga. Spennande og morosam. Ei herleg høgtlesingsbok. Tidlaus og klassisk. I fin dialog med andre tøffe jenter i barnelitteraturen, som Heidi i Alpane og Pippi i Ville Villekula. Men kanskje er det viktigast at den også er alvorleg. Personane har sterke og svake sider. – Vaksne gjer mykje dumt, Tonje, det skulle vel eg vite, her eg sit og er full på ein tysdag føremiddag, seier gamle Nils nede på trygdebustadane. – Men det er ein vik- tig ting: Nils bankar fingeren ned i kneet på Tonje då han seier det, som om han vil stemple ordainnihenne:Det–er– aldri – barna – sin – feil! –Deterikkjelovåta motet frå ungane, seier Maria Parr. – Det er alltid håp. Janne Karin Støylen Torbjørn Isbjørn Titus Kodzoman og Anne Angelshaug Langt mot nord bur Torbjørn og alle dei andre isbjørnane. Men Torbjørn er ikkje heilt som dei andre isbjørnane, han frys nemleg. Dermed startar ei lang ferd for å finne ut om Torbjørn eigentleg er den isbjørnen han trudde han var. Her er mange spørsmål og mykje undring. Dette er ei lun, varm og humoristisk historie om det å vere litt annleis. Dei fleste vil kjenne seg att når Torbjørn føler at han ikkje passar heilt inn. Dei fleste har også somme tider vore usikre på kven dei eigentleg er. – Bestemor, du som veit alt, er eg ein ekte, skikkeleg isbjørn? Torbjørn er usikker på det meste, men råd er det å finne hjå dei som er rundt han. Illustrasjonane til Anne Angelshaug er levande og ber historia framover. I denne boka er det dei store og fargerike teikningane som står i sentrum, dei gir djupn til forteljinga og gir også dei minste lesarane ei større lesaroppleving. Boka skaper ein god atmosfære som mange vil like. Judith Sørhus Litlehamar fbaargang2009 fbseksjonKIR