Bøker er berebjelken i kulturformidlinga. I Seljord gir mållaget bokgåver til alle barnehagane. – I staden for å skunde på ungane ved toalettbesøk, eller å rydde ut av oppvaskmaskina åleine, bruker vi no desse stundene til samtalar med barna, seier avdelingsleiar Nina Merete Bakkåker i Telemark-barnehagen. Oppjusterer rutinane Ro og fordjuping er stikkord snarare enn det å forte seg å bli ferdig når biletet skal hengjast opp, skuffer og skap skal ryddast, støvlar og kjeledressar skal på. Dei vaksne fungerer som språkmodellar for barna og rutinesituasjonane, som barnehagedagen er proppfull av, blir til lærings- og språksituasjonar.Bakkåkerforklarar: – Vi startar ei kort samlingsstund med å trene munnmotorikken. Då har vi til dømes øvingar kor tunga slikjer nasespissen, ganen, innsida av tennene eller munnholen. Vi gjespar og gapar og førebur munnen på mange timar med kommunikasjon. Barnehagen har også ei dagtavle, som er framme kvar dag. Der står det kva dag og dato det er i dag, og kva vi skal gjere saman, ei verdifull kjelde til dagleg samtale. Rundt om i barnehagen heng bilete av bokstavar, tal og tekstar. Skuffer og skåp er merka med ord og I Heddeli skalallefemåringane framføre eit lokalt segn bilete. Og kvar månad har barnehageneitdiktsomunganelærar utanåt innan månaden er omme. – Denne månaden har vi hatt Dinkeli, donkeli, døye heiter ei grøn papegøye, fortel Bakkåker. – Kvifor bruker de så mykje tid på språkutvikling? Mange barn har problem med språket. Somme klarar til dømes ikkje å uttale alle lydane rett, somme har dårleg ordforråd, andre har vanskar med å uttrykkje seg av andre grunnar, forklarar barnehagelæraren. Gjentakande øvingar i det daglege, samtaler i små grupper med medvitne vaksnespråkmodellar,hjelperiså måte betre enn éi intensiv økt i veka, som er det ein logoped i beste fall kan tilby. Derfor er barnehagen sin jobb så viktig, seier Bakkåker. OPPTEKNE AV IDENTITET Seljord kommune var tidleg ute og har dei siste 5 åra hatt ei medviten satsing på språkutvikling. Det blei nedsett ei prosjektgruppe med representantar frå alle barnehagane leia av pedagogisk-konsulent. – Vi har dessutan ein politikk på at heile SPRÅKSTIMULERING I SELJORD AV ASTRID EIDHAMMER HJELMELAND Tone Bøhn er pedagogisk konsulent i Seljord kommune. Alt samvære er språkleg samvære, seier pedagogisk konsulent i Seljord kommune, Tone Bøhn. Sidan 2005 har Seljord kommune satsa på språkstimulering i barnehagane. Via prosjektmidlar frå Fylkesmannen i Telemark har dei fått auka kompetansen i personalet, laga plan for språkstimulering og fått samla og bygd opp verktøy, lokalt kulturstoff og metodar for språkstimulering. – I barnehagen nyttar ein språk heile dagen i alle samanhengar, understrekar Bøhn. Seljord har mellom anna segna om Seljordormen, som vert nytta i barnehagane for det det er verdt. SPRÅKLEG VARIASJON Blant innbyggjarane og personalet i Seljord er det mange innflyttarar og ulike språk. – Me har respekt for talemålet, understrekar Bøhn. Samstundes er nynorsk skriftspråket i kommunen og difor er val av nynorsk litteratur og tekstar på nynorsk viktig. Samstundes er det viktig at ein kan stilla spørsmål ved kva som vert sagt, og kvifor nokre har eit anna uttrykk enn det ein er van med. – Det er også med på utvikla språkforståinga hjå borna. Via språksatsinga i barnehagen reviderte kommunen i 2005 den lokale rammeplanen; barnehagen skal støtta og styrkja borna sine evner til å kommunisera språkleg. Barnehagen skal også hjelpa barnehageborna til å bli medvitne kulturberarar, fyrst og fremst med kjennskap til sin eigen lokale kultur via lokale segn, soger, forteljingar og vers. Det vart på 80-talet gjort eit stort inn- © Astrid Eidhammer Hjelmeland fbaargang2010 fbseksjonKIR