Stai bruker gjennomgåande enkle strekar og store, reine fargeflater i bøkene sine. Fargane er litt falma, på ein nostalgisk 70-talsmåte, som ho uttrykkjer det. – Eg har hatt eit mål om å ha eit universelt uttrykk, grunnleggande i form og farge. Eg likar at det er så sparsamt. Det kjem vél med når bøkene skal ut på ein utanlandsk marknad. Kvart land har ofte eit stadtypisk preg på illustrasjonane sine, noko som kan gjere det vanskeleg å selje biletbøker i utlandet. – Kva er viktigast i ei biletbok, tekst eller bilete? – Bileta er like viktige som teksten. Det er veldig bra viss bileta kan seie noko anna, noko meir enn teksten gjer. Jakob og Neikob var den første boka Kari Stai laga både tekst og bilete til. Tidlegare har ho illustrert andre sine bøker. Kva likar ho best? – Det kjennest tryggare å gjere heile boka sjølv. Då øydelegg eg berre for meg sjølv, på ein måte. Korleis er det å møte barna du skriv for? – Barn er naturlege og ærlege kritikarar. Dei går meir rett inn i handlinga, utan å hefte seg ved ramma rundt eller historia før og etter. Som forfattar lærer eg meir av sjå verknaden boka har på lesarane, enn av å analysere stoffet og skrivesituasjonen på førehand. Stai seier ho har stor respekt for den rolla ho har som berar og formidlar av idear. Det er trygt og godt å sitje på arbeidsrommet saman med ein forleggjar og lage boka. I møte med lesaren, ansikt til ansikt, må ein sjå sitt eige arbeid i kvitauga. – Då må eg stå for det eg har skapt. Det er viktig. – Kjem det fleire bøker frå deg? – Ja, eg skal lage peikebøker for Samlaget. Bøker utan tekst, det blir noko heilt nytt. E-intervjuet: BARNEBØKER KAN FORSVINNE Litteraturformidlar trur dagens biletbøker står for fall. Les meir i dette e-intervjuet. Namn og alder: Ine Mari Torsvik Bertelsen, 40 år Yrke: Kunstnarisk leiar i «Maktens pluttifikasjon», Den nordiske barne- og ungdomslitteraturkonferansen Kvifor er du så oppteken av barnebøker? Lesedugleik er ein føresetnad for å oppretthalde demokratiet. Barne- og ungdomslitteratur er eit av verkemidla for å styrke lesekompetansen i befolkninga, både hos barn og vaksne. Det finnest så mange perler blant litteraturen, som så få kjenner til. Eg ønskjer å formidle dei til barn. Inga glede er større, eller viktigare enn å lese nye bøker for barn. Kva kvalitetar skal ei barnebok ha for å vere god for barn? Opplevinga av å lese/høyre ei bok er individuell, så kva for kvalitetar som gjer ei bok god varierer frå barn til barn. Derfor er det viktig at eg som litteraturformidlar kjenner dei fleste barnebøkene som kjem ut, slik at vi finn den rette boka til det rette barnet. Ein gong sa du at biblioteka burde slutte å ha Pippi og Emil i hyllene sine. Kvifor meiner du det? For meg handlar det om å formidle ny litteratur til barna. Lesedugleiken blir styrka med meir lesing. Det er ikkje likegyldig kva du les, kvalitet er viktig. Kan Facebook, nettspel og chattekanalar gjere at det ikkje er bruk for bøker meir? Ja, sjølvsagt kan nettet erstatte barne- og ungdomslitteraturen. Feltet barne- og ungdomslitteratur er i dag ikkje eit prioritert område verken av media, foreldre eller skulesektoren og vil då vere meir utsett for å bli erstatta enn for eksempel vaksenlitteraturen. Er det nokre nye trendar innan barnelitteratur vi snart blir kjende med? Slik eg ser det er det helt klare teikn på at den gode barneboka, slik vi kjenner ho i dag, på sikt vil forsvinne. Barnebokmarknaden er i dramatisk endring. Kva er di beste leseoppleving? Då eg las biletboka «Forteljinga om jakta på forteljinga» av Bjørn Sortland (1995) opna det seg ei ny verd for meg. Sidan den gong har eg lese dei fleste biletbøkene som har kome ut. Vil du anbefale ei barnebok som vil gje oss ei heilt spesiell oppleving? Eg vil anbefale biletboka «Bilder av folk» som er kåra til verdas vakraste bok, skrive av Blexolex. Boka framstår som veldig annleis enn det meste anna eg har lese, men opplevinga av å lese ho med barn i ulike aldrar er unik. God lesing. GARMANNS HEMMELIGHET I den tredje boka om Garmann handlar det om forelsking, å utforske verda og kvarandre, men kanskje mest av alt om å få gjere ting utan andres blikk på seg. Garmann og Johanne er venner. Tvillingsystera til Johanne, Hanne, er og ein del av bildet, men Garmann er ikkje heilt trygg på Hanne. Når han og Johanne finn det som kan vere restane av ein romkapsel i skogen, har dei funne sin eigen oase for sommaren. I denne oasen blir det rom for tankar og kjensler som er så store og nærverande at ikkje ein gong verdsrommet har svar. Utanomverda lukkar seg ute for desse to ungane, og dei utforskar kvarandre gjennom spørsmål som handlar om tid og rom. Garmann og Johanne får dessutan erfare at det er andre som har hemmeligheiter, ikkje berre dei to. Bilda i Stian Hole sine bøker om Garmann tar mykje plass, på ein god måte. Dei lar meg som lesar få vere til Tekst og illustrasjon: Stian Hole Cappelen Damm 2010 stades i forteljinga, først og fremst fordi dei er så fotografiske. Detaljrikdommen er og ei gåve for lesaren som har tid til å sjå godt etter. Ein får beint fram gåsehud av å sitje på ei grein i skogen saman med Garmann og Johanne sommaren igjennom. Toyni Tobekk BOKMELDING fbaargang2010 fbseksjonKIR