viktige for å utvikle effektiv og sikker sjøtransport av personar og gods. I desember 2009 vart Tromsø, Bergen, Stavanger, Kristiansand og Oslo peikte ut. Regelverket er eit viktig verkemiddel frå staten si side og sjølvsagt eit viktig rammevilkår for sjøtransporten. Det er også fastsett fleire forskrifter med heimel i den nye lova. I samband med at lova tredde i kraft, hadde Kystverket regionvise informasjonsmøte der alle kystkommunar vart inviterte til å delta. Departementet vil også sende ut eit iverksetjingsrundskriv til kommunane med nærmare informasjon om lova. For tida arbeider både departementet og Kystverket med å gjennomgå heile forskriftsverket til lova. Målet er å få på plass eit oversikte- leg og brukarvennleg regelverk innan utgangen av 2012. Det er mykje snakk om vedlikehaldsetterslepet på både veg og bane. Også maritim infrastruktur har eit vedlikehaldsetterslep, men sjøvegen ligg klar til å brukast, og han er i seg sjølv vedlikehaldsfri. Nokon investeringar er likevel nødvendige for at skipstrafikken skal kunne komme seg fram på ein både sikker og effektiv måte. I Nasjonal transportplan for den neste tiårsperioden er planramma til sjøtransport auka med om lag 77 prosent samanlikna med førre planperiode. Til saman er det planlagt investeringar for nesten tre milliardar kroner i farleiutbetringar. Samla vil dette gi ein sikrare og meir konkurransedyktig sjøtransport. Det er berre litt meir enn eit år sidan vi la fram Nasjonal transportplan for den neste tiårsperioden. Likevel er departementa og etatane i gang med arbeidet med neste plan, for perioden 2014–2023. I februar i år ga departementa etatane retningslinene til den såkalla utgreiingsfasen som skal vere ferdig neste år. Arbeidet i denne fasen skal kaste lys over viktige problemstillingar som krev særleg merksemd i utforminga av framtidas transportsystem. Resultata frå desse analysane vil vere eit viktig grunnlag for etatane sitt arbeid med planforslaget og for departementa sitt vidare arbeid med stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan, som etter planen skal leggast fram i januar 2013. Illustrasjonsfoto: colourbox.com Fagbladet 9/2010 > 37 fbaargang2010 fbseksjonSAM