NIFST: Når Solveig Vik skrik som løva i forteljinga, blir det veldig spennande for f.v. Michael Løland, Agelica Fjelland, Julian Tveit Ribe og Jonas Hjelmeland Naterstad. LETTLÆRTE: Desse eritreiske borna har lært seg Herøysund- dialekten på rekordtid. F.v.: Rim Sami, Sham Sami og Ellnor Thomas ...Spennande språkbruk i barnehagen Gode bøker Barnehagen er etter søknad blitt del av eit språkprosjekt i regi av Nynorsksenteret i Volda, «Nynorsk i barnehagen». Det har gitt rikeleg tilfang av gode, nynorske barnebøker som er flittig brukte. Dessutan kurs, rettleiing og gratis medlemskap i barnebokklubben «Blåmann». Ingen pengar følgjer med prosjektet, men ei mengd gode bøker til å bruka i arbeidet. – Vi har fått svært gode hjelpemiddel, og det er nett kva vi treng, seier Vik. Kvinnherad kommune har bidrege økonomisk ved å utvide ein 60 % stilling til full stilling, noko som gjer det lettare for barnehagen å gjennomføra prosjektet i praksis. Bokmål på bussen Bringedalsbygda barnehage nyttar seg også mykje av bokbussen. Bussen er eit populært tilbod blant både born og vaksne, men Solveig Vik er likevel ikkje heilt fornøgd. – I barnehagen vil vi helst bruka nynorskbøker, men storparten av bøkene på bokbussen er på bokmål, dessverre, seier ho. Nynorskbøkene blir i hovudsak lesne med forfattaren sine eigne ord, slik at borna også får eit grunnlag for godt skriftspråk seinare. – Men ikkje alle nynorskbøkene er like gode språkmessig. Når språket blir for oppstylta, til det eg kallar for Sylfest Strutle-språk, lyt vi gjera språklege tilpassingar. Borna må kunna kjenna seg igjen i språket, som er ein viktig del av identiteten vår, meiner språkentusiasten. Obligatoriske språkstunder Kvar måndag og tysdag er det faste språkstunder for alle borna. På programmet står høgtlesing eller eventyrforteljing. – Vil alle borna høyra på? – Born er ulike, og ikkje alle er like interesserte. Derfor deler vi dei inn i grupper etter interesse og nivå. Dei minst interesserte får kortast lesestund, men ingen slepp klar, seier Vik og peikar på at barnehagane har tradisjon for å vera for «snille» med borna. I tankane har ho valfridomen, og det at borna i litt for stor grad har fått høve til å velja vekk det dei likar minst. – Dei fleste borna likar å bli lesne for, men dersom dei fekk velja, ville sjølvsagt nokre av dei valt seg ein annan aktivitet. Etter mi meining kan ikkje norsk gjerast om til eit valfag. Derfor må alle vera med, men vi prøver så godt vi kan å gjera individuelle tilpassingar, fortel ho. Nye univers Språkstundene dannar ikkje berre eit godt språkgrunnlag. Også andre univers opnar seg for borna. – Bokverda er stor og spennande. Dersom vaksne ikkje opnar dørene til denne, vil verdifulle opplevingar gå tapt for borna. Bøker gir dessutan ei betre kulturforståing, då tenkjer eg ikkje minst på innvandra born. Barnehagen ønskjer å gi både desse og resten av gjengen eit solid grunnlag å byggja vidare på, seier Vik. Ho har registrert at eventyra etter Asbjørnsen og Moe er mellom dei som aldri går av moten. – Borna blir ikkje leie desse forteljingane og vil høyra dei om igjen og om igjen. På grunn av språket gjer vi teksten om til dialekt når vi les, men nåde den som gjer for store endringar. Då protesterer borna, fortel Vik og ler. Barnehagestyraren viser til endå eit positivt resultat av god språkopplæring i barndomen: – Undersøkingar stadfestar at born med god språkballast gjer det betre på skulen enn andre born. Kvar dag Språk og språkutvikling er viktig heile veka i Bringedalsbygda barnehage. Personalet følgjer BRØL... fbaargang2011 fbseksjonKIR