og aktuelt uavhengig av fagleg bakgrunn. Mange er usikre i ein og annan situasjon, så ein treng alltid fagleg påfyll på temaet, seier Bjørndal. Borgny Haga Simonsen er samd i at fagleg påfyll om tema som tvang og førebygging av krevjande situasjonar er naudsynt for alle som arbeider med personar i denne brukargruppa. – Programmet byggjer ikkje på utdanninga mi, så for meg var det mykje nytt, fortel ho. Møttes på kvelden På Eide arbeider alle på dagtid, så då dei la kurset til kvelden, kunne alle komme. Fagansvarleg og verksemdsleiar førebudde kvar samling. vedteke å utarbeide ein kompetanseplan for dei tilsette då SOR (Samordningsrådet for personer med utviklingshemning) spurde om dei ville vere pilotkommune for e-læringsprogrammet. – Vi hadde tenkt å lage ei kurspakke med mange av dei same tema. Men vi visste at vi ikkje sjølve kunne gjere det like godt, så dette tilbodet kom som ei gåvepakke, fortel ho. Felles plattform Elin Hansen seier at dei i Karmøy kommune har jobba systematisk med kompetanseheving i mange år. Dei som har vore tilsette ei stund, er difor svært – Dei hadde då fått eit lite overblikk slik at vi ved felles gjennomgang kunne leggja mest vekt på det som var særleg aktuelt for oss. Vi las høgt frå storskjerm, og diskuterte forskjellige problemstillingar der det var naturleg, fortel Borgny Haga Simonsen. Ho og kollegaen syns dei hadde mange lærerike diskusjonar undervegs. – Folk har erfaring frå mange ulike arbeidsplassar, og vi såg at eit problem kunne løysast på fleire forskjellige måtar, seier dei. Ei gåve Elin Hansen er verksemdleiar for fire bustader og medlem av opplæringsutvalet i helse og sosial i Karmøy kommune. Ho fortel at utvalet nett hadde så medvitne og kompetente på å handtere vanskelege situasjonar. – Eg tykte difor det var flott med den store bredda i innhaldet. I e-læringsprogrammet frå SOR var også tema som fritid og sosialt liv pluss bygging av nettverk, seier ho. Alle dei 330 tilsette som arbeider med tiltak og tenester for personar med utviklingshemning i kommunen, fekk tilbod om å ta kurset mot ei avspasering på åtte timar. Dei som er knytt til dagtilboda, tok kursa på felles samlingar, medan tilsette i bustader og avlasting tok dei heime på fritida. Ei evaluering i etterkant var svært positiv. Mangfold og muligheter E-læringsprogrammet som er utvikla av SOR (Samordningsrådet for personer med utviklingshemning), er laga med støtte av Fagforbundet Seksjon helse og sosial, ExtraStiftelsen Helse og rehabilitering, Bergen kommune og Fylkesmannen i ni fylke. Manfold og muligheter består av tre moduler: Arbeid i andres hjem, Kultur, Fritid og Vennskap og Utfordrende atferd. Kurset vart lagt ut på nett i januar 2010. Til nå har 800 personar oppretta ein brukarkonto. Jarle Eknes, dagleg leiar i SOR, håper kurset blir obligatorisk for alle som arbeider med personar med utviklingshemning. Samstundes som SOR arbeider med å gjere kommunane kjende med tilbodet, har det også vekt internasjonal interesse. – Det fins e-læringskurs også i andre land, men ikkje så omfattande, og ingen andre med tema utviklingshemning har til no vore gratis, seier han. FELLES PLATTFORM: – Alle har no fått heva kompetansen. Det er også nyttig at alle har tatt det same løftet, meiner Elin Hansen. – Evalueringa viste at alle, uavhengig av fagleg bakgrunn og arbeidsplass, hadde hatt utbytte av kurset, fortel Hansen. Ho meiner nytteverdien av kurset har vore stor, ikkje minst fordi det har gitt alle dei tilsette eit felles kompetanseløft. Habilitering i Karmøy Helse og omsorg i Karmøy har 690 årsverk. Av desse er 190 nytta i til saman 17 bustader for personar med utviklingshemning, demens eller psykiatriske lidingar, ei avlastingsavdeling og tre ulike dagtilbod. 37 prosent av dei tilsette her har høgskuleutdanning og 51 prosent har fagbrev. Av dei som ikkje har nokon relevant, formell kompetanse, er mange under utdanning. 12 av dei som tok e-læringsprogrammet, har vald å ta vidareutdanningsmodulen som byggjer på e-læringskursene Mangfold og muligheter. Verksemdleiar Elin Hansen er sjølv vernepleiar og har arbeidd som leiar i kommunen i 17 år. Ho seier det er ei føresetnad at folk som får arbeid i verksemda, vil ta ei utdanning så snart som råd. Fagbladet 1/2012 > 31 fbaargang2012 fbseksjonHEL