¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇNØGD:  Det er fint at kommunen vil satse på oss, syns Marthe Bartnes som er på veg til å bli helsefagarbeidar. Her er ho saman med Gerd Kullstadvik på Ørmelen i Verdal. undervisninga skal gå greitt. At alt går føre seg på nett, tykkjer dei heller ikkje er nokon ulempe.  Vi er blitt trygga på at vi skal få den hjelpa vi treng, seier Monica. Glad for sjansen Ein annan praksiskandidat er Marthe Bartnes (36). Ho har arbeid som assistent i fem år på Ørmelen bo- og servicesenter i Verdal. Sidan ho frå før er utdanna sveisar, treng ho berre 14 månader med annan praksis pluss helsefaga på skulen før ho kan ta fagprøva og få fagbrevet som helsefagarbeidar. Marthe er takksam for høvet til å gjere ferdig utdanninga. Ho reknar med å måtte betale gjennom å gå nokre gratis ekstravakter mot at ho får behalde grunnløna si til ho er ferdig med prosjektet  venteleg med fagbrev som helsefagarbeidar.  Det er flott at kommunen gjev oss denne sjansen, meiner ho. Enorm kompetanse Brit Flatås fortel at praksiskandidatane har lang røynsle frå arbeidslivet. Ei av dei har arbeidd i heile 32 år.  Mange av kandidatane har skaffa seg ein enorm realkompetanse, og i mange tilfelle er det lite som skal til før dei kan gå opp til fagprøve, seier karriererettleiaren som tykkjer det er kjekt å hjelpe dei den siste biten mot fagbrev. Ifølgje Flatås er det ikkje berre praksiskandidatane sjølve som har nytte av prosjektet. For kommunane og fylket er det også viktig å auke formalkompetansen.  å tilføre arbeidsplassane meir kompetanse er eit anna mål. Nord-Trøndelag er eit fylke med lågt utdanningsnivå, og 67 nye fagbrev er stort her, seier ho. No håper ho at så mange som mogleg har tatt fagbrevet våren 2014, eller at dei er på god veg. Ikkje alle vart med I Nord-Trøndelag håpte dei å få 60 deltakarar i prosjektet. Når nesten 100 søkte, måtte dei ta inn litt fleire, men dei fekk ikkje plass til alle. Denne hausten får også desse tilbod om karrieresamtale ved Karrieresenteret i Verdal eller i Namsos.  Det er no dei er motiverte, og mange har takka ja til tilbod om ordinær vaksenopplæring sidan dei ikkje fekk plass i prosjektet, seier Flatås. ¸ˇFleire fagbrev i Nord-Trøndelag Fylkeskommunen etablerte i januar i år ei prosjektgruppe som laga ein oversikt over tilsette utan fagbrev i dei åtte kommunane som vart med i prosjektet Fagbrev på jobb. Karrieresenteret med kontor i Verdal og Namsos, begge med tre tilsette, har arrangert informasjonsmøte om praksiskandidatordninga for dei tilsette som har søkt om og fått ein plass i prosjektet. 35 av elevane er tilsett i oppvekstsektoren, medan 32 arbeider i helsesektoren. Karriererettleiarar ved dei to sentra har vore med på å vurdere deltakaranes kompetanse. Dei har også hatt karrieresamtalar med kvar einskild for å legge opp individuelle planar fram mot fagbrev. All undervisning er heildigital. Fagstoffet ligg på www.ndla.no. Karrieresentra og praksisarbeidsplassane har lært opp faglege rettleiarar slik at alle kandidatane får individuell rettleiing når dei er ute i praksis. 34 > Fagbladet 11/2012 ¸ˇLøn under utdanning Annikken Kjær Haraldsen, som er prosjektleiar i NordTrøndelag, seier at prosjektmidlane på 7,2 millionar kroner skal dekkje permisjon med løn i samband med undervisning pluss løn til vikarar. Dei fleste deltakarane går ikkje ned i løn under prosjektet. Men det er opp til arbeidsgjevar.  Vi reknar med eigeninnsats frå arbeidsgjevar, seier Kjær Haraldsen. Men ho legg til at det nok kjem an på om arbeidsgjevar kan bytte praksis med andre om verksemda kan betale full løn. fbaargang2012 fbseksjonKON