¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇSideti Fagbladet Dette er lesernes egne sider for korte innlegg om aktuelle temaer  maks 4000 tegn inkludert mellomrom. Vi forbeholder oss retten til å kutte i manuskriptene. Navn og adresse må oppgis, også når navnet ikke skal offentliggjøres i bladet. Send debattinnlegg til debatt@fagforbundet.no eller i posten til Fagbladet, postboks 7003 St. Olavs plass, 0130 Oslo. ¸ˇKLIMAPOLITIKK Energieffektivi- sering er god kraftutbygging å halde fram med dagens CO2utslepp kan bli lagnadstungt. Det er stor oppslutning om føre-var-prinsippet. Og sia det er vårt forbruk av energi med CO2-utslepp som ein går ut frå er årsaka til noko av problemet, bør energi-Norge vere med på tiltak som reduserer CO2-utslepp. I dag har Norge ein fornybardel på 60 prosent (50 prosent om ein tar med gassturbinproduksjonen offshore med 60 TWh). EU har ein fornybardel på 8 prosent, og har planar om å auke til 20 prosent innan 2020. EU-kommisjonen var bråkjekk nok til å forlange at Norge skulle auke fornybardelen til heile 72 prosent! Etter forhandlingar vart dette kravet redusert til 67,5 prosent. Dette fornybardirektivet frå EU betyr at Norge må skaffe nær 14 TWh frå fornybare kjelder. Det skal skje ved storslått utbygging av vindkraft og småkraft. Og vi er alt i gang. NVE har hittil gitt konsesjon for ca. 1900 vindmøller (4639 MW) og har til behandling ca. 1400 (3400 MW). 700 av dei god- kjende vindmøllene er til klagebehandling i Olje- og energidepartementet. Sia år 2000 er det gitt konsesjon til ca. 460 småkraftverk (ca. 5 TWh). NVE har til behandling 630 småkraftverk med ein samla produksjon på 5,8 TWh. Alt i alt er det altså tale om 3300 vindmøller og 1090 småkraftverk. Kraft produsert i småkraftverk og vindmøller er mindre verd enn vår vasskraft med reguleringsmagasin. Det paradoksale er at vi no er pålagd å bygge ut kraft vi ikkje har bruk for, og som blir så dyr at produsentane må ha det dobbelte av det som har vore gjengs kraftpris her i landet i dei siste åra. Det er naturlegvis ingen som vil betale ein slik pris. Derfor er einaste utvegen å subsidiere. Men kven skal betale subsidiane? Over ein periode på 20 25 år er straumabonnentane pålagde å betale for elsertifikata og 2/3 av kraftleidningane, rekna til minst 60 70 milliardar kroner, dvs. 4 5 kr/kWh årsproduksjon. Denne sterkt subsidierte krafta, som vi ikkje har bruk for, må vi sende til utlandet på billegsal! Vi har vald ein lite heldig måte å etterkome kravet frå EU om meir fornybar energi. Ein burde vald eit mykje betre alternativ, nemleg energieffektivisering. Ein spart kWh er mykje meir verd enn ein ny kWh frå uregulert produksjon. Ein treng ingen nye kraftleidningar, og ein sparer kraft når det er kaldast og trengst mest. Når ny energi skal få støtte på 4 5 kr/kWh i utbyggingskostnad, burde ein spart kWh få same støtte. Pålegget om fornybar energi kunne ein ha innfridd ved energieffektivisering, og vi hadde dessutan hatt nok kraft i turrår. Fordelane er innlysande. Energieffektivisering er det same som kraftutbygging. Og FORNYBARDIREKTIV: Vi er no pålagd av EU å bygge ut kraft vi ikkje har bruk for, og som blir så dyr at produsentane må ha det dobbelte av det som har vore gjengs kraftpris. ein unngår bygging av nye kraftleidningar, øydelagde naturområder, E18-vegarª i friluftsområde, og små elvestryk får leve. Dei skiftande straumprisane er unødvendige og generelt til hinder for effektiv straumsparing. Vår eigen vasskraftproduksjon dekker meir enn vårt forbruk. Våre kraftverk er nedbetalte. Produksjonskostnaden er stabil. Energipolitikken er på avvegar. Råderetten over våre straumprisar har vi selt for 80 millionar kroner til Nasdaq OMX, Amerikas største aksjeselskap  nest størst i verda. Det er ein tragedie. Marknadsreglane som no rår, er ikkje bestemt av olje- og energidepartementet eller Stortinget. Det er Nasdaq i New York som bestemmer. Ingen må tru at det er ein overnaturlegª kraftmarknad som styrer. La det vere klart: Vi må ha ein kraftmarknad. Det er nødvendig av fleire grunnar. Men det avgjerande er at Stortinget tar over Nasdaq sine sjølvlaga marknadsreglar. Alt ligg til rettes for at vi sjølve kan bestemme ein fast, stabil kraftpris. Tal frå bransjeorganisasjonen Energi Norge viser dessverre at norske kommunar og fylkeskommunar i åra framover må rekne med mindre inntekt frå kraftselskapa. Denne situasjonen er alvorleg. Det gjeld vår velferd. Det er tragisk at vi lar oss sjonglera av utanforståande krefter, men som vi kunne kvitte oss med. Viss vi ville. Kjelder: NVE og Energimelding 2011 Osvald Medhus MIDTØSTEN Demonisering av Israel Jeg ser at kritikk av Israel er en gjenganger i Fagbladet. Kritikk av Israel i seg selv er det ikke noe galt i, men når kritikken går igjen i nesten hvert eneste nummer av medlemsbladet, så syns jeg det hele går over i ren demonisering av Israel. Virker nesten som dere ikke er klar over at det finnes andre land i verden? Det fins land som begår langt verre handlinger enn det dere beskylder Israel for å gjøre. Jeg syns at det enorme og ensidige fokuset dere har på denne lille jødiske staten (1/15 av Norge) er irrasjonelt og i tillegg veldig svart/hvitt. Det er ufattelig > Fagbladet 2/2013 > 53 colourbox.com fbaargang2013 fbseksjonKIR