¸ˇMålgruppa for Råkhaugen er personar med demens som framleis bur heime. Dagsenteret vart opna i 2008 og har i dag 23 brukarar. Dei har vedtak på mellom ein og seks dagar i veka.
Senteret er ope frå måndag
til laurdag samt to kveldar i veka.
Råkhaugen har to filialar med ein ambulerande sjukepleiar. Her er til saman seks brukarar.
Ein kveld i månaden inviterer Råkhaugen til skule for pårørande. I samtalegrupper og plenum får dei tips om kva brukarane treng.
Dei er åtte tilsette i seks
årsverk på dagsenteret. Her arbeider sjukepleiar, hjelpepleiar, omsorgsarbeidar, aktivitør, vernepleiar og bustadassistent. Alle har vidareutdanning i demensomsorg. Nokre har sertifikat for å køyre buss. Dei har også tatt kurset Demensomsorgens ABC.
Råkhaugen samarbeidar med Fagforbundet om fagleg
utvikling. Medan leiar på Råkhaugen organiserer, betaler og forbundet to fagdagar
i året. Dei er opne for alle
som arbeider i demensomsorgen i kommunen.
Rebecca-losjen støtter aktivitetar på Råkhaugen. Dagsenteret har også fått frie midlar frå Helsedirektoratet til aktivitetar.
¸ˇRåkhaugen dagsenter
¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇ¸ˇFagbladet 9/2013 > 37
fbaargang2013 fbseksjonHEL