SONG FOR DEG OG MEG
Av Odd Nordstoga
Inger Lise Belsvik og
Hilde Hodnefjeld illustrasjon
Samlaget 2014
No er Odd Nordstoga ute med ei
ny og utvida utgåve av Songbok
for deg og meg. Musikar Odd
Nordstoga har gjort eit breitt ut-
val av songar til den nye versjo-
nen av boka, som kom ut første
gong i 2002. Boka er meint som
ei samling av songskattar for
born i alle aldrar, både i førskule
og barneskule. Her er eit godt
utval av songar på nynorsk og
dialekt, både dei gamle, gode
norske songane, moderne viser
og folkeviser, stev og stub-
bar, nyare songar og songar
til skjemt og høgtid. Her er
songar frå den tradisjonsrike,
gamle songskatten frå Vinje,
Garborg og Sivle, men også
nyskrivne melodiar til både
eldre og nyare, kjende
og ukjende tekstar, skriv
Samlaget på eigne nett-
sider. Utanlandske songar
er omsette, og ikkje minst
inneheld boka fleire songar
som har vorte store sla-
gerar. Fleire av Nordstoga
sine eigne populære songar
er også med. Songane er
illustrerte av Hilde Hodnefjeld
og Inger Lise Belsvik. Dette er ei
ny og utvida utgåve av Songbok
for deg og meg, og også denne
blir gjeven ut på Samlaget.
Judith Sørhus Litlehamar
DENNE ELGEN ER MIN
Av Oliver Jeffers
Omsett til norsk av Henning Hagerup
Gyldendal 2014
Wilfred eig ein ekte elg. Ein elg
som gjer akkurat som Wilfred
vil, eller er det slik det er? Elgen
kom til Wilfred av seg sjølv, og
Wilfred kalla han for Marcel.
Wilfred lagar klare rammer for
korleis husdyret Marcel skal
oppføre seg: Han skal ikkje lage
for mykje bråk når Wilfred speler
platesamlinga si, han skal gå
akkurat der Wilfred vil at han
skal gå, han skal gje eigaren
ly for regn og få tak i ting som
Wilfred ikkje når opp til.
Somme gonger kan det verke
som om Marcel ikkje høyrer
etter, kanskje han ikkje vil gjere
som Wilfred vil? Kanskje ikkje
Wilfred eig Marcel likevel?
Oliver Jeffers har skapt ei
historie om kva det eigentleg
betyr å eige noko, ei morosam
og lunefull historie som blir pre-
sentert i fargerike teikningar.
Etter kvart viser det seg at
kanskje fleire òg trur dei eig
elgen til Wilfred, og då ulukka er
ute, spørst det om elgen hugsar
noko av det Wilfred har lært
han. Kanskje det er like greitt å
inngå eit kompromiss, der elgen
får lov til å fylgje Wilfred sine
reglar når han har lyst?
Judith Sørhus Litlehamar
BokmeldingSONG FOR DEG OG MEG
Av Odd Nordstoga
Inger Lise Belsvik og
Hilde Hodnefjeld illustrasjon
Samlaget 2014
No er Odd Nordstoga ute med ei
ny og utvida utgåve av Songbok
for deg og meg. Musikar Odd
Nordstoga har gjort eit breitt ut-
val av songar til den nye versjo-
nen av boka, som kom ut første
gong i 2002. Boka er meint som
ei samling av songskattar for
born i alle aldrar, både i førskule
og barneskule. Her er eit godt
utval av songar på nynorsk og
dialekt, både dei gamle, gode
norske songane, moderne viser
og folkeviser, stev og stub-
bar, nyare songar og songar
til skjemt og høgtid. Her er
songar frå den tradisjonsrike,
gamle songskatten frå Vinje,
Garborg og Sivle, men også
nyskrivne melodiar til både
eldre og nyare, kjende
og ukjende tekstar, skriv
Samlaget på eigne nett-
sider. Utanlandske songar
er omsette, og ikkje minst
inneheld boka fleire songar
som har vorte store sla-
gerar. Fleire av Nordstoga
sine eigne populære songar
er også med. Songane er
illustrerte av Hilde Hodnefjeld
og Inger Lise Belsvik. Dette er ei
ny og utvida utgåve av Songbok
for deg og meg, og også denne
blir gjeven ut på Samlaget.
Judith Sørhus Litlehamar
DENNE ELGEN ER MIN
Av Oliver Jeffers
Omsett til norsk av Henning Hagerup
Gyldendal 2014
Wilfred eig ein ekte elg. Ein elg
som gjer akkurat som Wilfred
vil, eller er det slik det er? Elgen
kom til Wilfred av seg sjølv, og
Wilfred kalla han for Marcel.
Wilfred lagar klare rammer for
korleis husdyret Marcel skal
oppføre seg: Han skal ikkje lage
for mykje bråk når Wilfred speler
platesamlinga si, han skal gå
akkurat der Wilfred vil at han
skal gå, han skal gje eigaren
ly for regn og få tak i ting som
Wilfred ikkje når opp til.
Somme gonger kan det verke
som om Marcel ikkje høyrer
etter, kanskje han ikkje vil gjere
som Wilfred vil? Kanskje ikkje
Wilfred eig Marcel likevel?
Oliver Jeffers har skapt ei
historie om kva det eigentleg
betyr å eige noko, ei morosam
og lunefull historie som blir pre-
sentert i fargerike teikningar.
Etter kvart viser det seg at
kanskje fleire òg trur dei eig
elgen til Wilfred, og då ulukka er
ute, spørst det om elgen hugsar
noko av det Wilfred har lært
han. Kanskje det er like greitt å
inngå eit kompromiss, der elgen
får lov til å fylgje Wilfred sine
reglar når han har lyst?
Judith Sørhus Litlehamar
Bokmelding
fbaargang2014 fbseksjonKIR