PIT PARION www.pirion.no
Digitale verktøy i det pedagogiske
Ifølgje ei ny landsdekkjande
undersøking er det vanleg
at barn i barnehagar deltek i
aktivitetar med digitale verk-
tøy. Mykje tyder likevel på at
tilsette er usikre på korleis
dei skal bruke verktøya i det
pedagogiske arbeidet.
Senter for IKT i utdanninga
gjennomførte ei landsrepresen-
tativ kartlegging av den digitale
tilstanden i barnehagane i 2013.
Undersøkinga viser at dei aller fleste til-
sette i barnehagar bruker digitale verktøy
både til å løyse administrative oppgåver og
i arbeidet med barna. Dei mest alminnelege
HELLE JACOBSEN,
SENIORRÅDGJEVAR,
SENTER FOR IKT I
UTDANNINGA
aktivitetane barna deltek i, er lytting til musikk
og bildetaking, og stadig fleire barn får erfaring med
å hente informasjon på Internett. Det kan sjå ut til at
barna først og fremst deltek i aktivitetar som har eit
underhaldande aspekt, og mindre i aktivitetar der dei
har høve til å vere skapande. Dette kan henge saman
med eit uttalt behov for meir kompetanse.
Vil lære
Nær 75 % av dei tilsette som tok del i undersøkinga,
ønskjer å lære meir om korleis dei kan bruke digitale
verktøy i det pedagogiske arbeidet saman med barna.
Samtidig nemner dei manglande kunnskap om
korleis verktøya kan brukast, som den viktigaste
avgrensande faktoren i dette arbeidet. Mykje tyder
Foto: Julia Naglestad/B13.no
altså på at viljen er der, men at det
er eit behov for å lære meir om
korleis dette kan gjerast. Og det
treng ikkje vere så avansert. I
samarbeid med eit nettverk av
barnehagar har vi utarbeidd enkle
og praktiske læringsopplegg for å
gje nokre idear om korleis ein kan
knyte saman digital leik og
utforsking med rammeplanen.
Nettbrett og
digitale forteljingar
Kartlegginga viser at 29 % av barne-
hagane har skaffa seg nettbrett, og at
dette også er verktøyet som står øvst på
ønskelista. I ein barnehage i Oslo brukte dei
tilsette nettbrett til å lage digitale forteljingar saman
med ei gruppe femåringar. Barna kom sjølv fram til
kva dei ønskte å lage film om, og dei laga sjølv
elementa til filmen. Dei tok bilde, eller teikna det som
var vanskeleg å ta bilde av, for så å ta bilde av
teikninga. Deretter valde dei rekkefølgje på bilda og
la dei sjølv inn i programmet. På toppen av disse
bilda la dei musikk og sine egne stemmer for å
fortelje historia. Då filmane var ferdige, inviterte dei
dei føresette og dei andre barna på premiere med
saft og popkorn, billettar og raud løpar.
Sjå resultatet og last ned hele læringsopplegget her:
iktsenteret.no/ikt-brille
Kultur, språk og litteratur
På nettsida vår kan du og lesa om Pirionkurs: Korleis kan vaksne blimedvitne brukarar og formidlarar av språk, kultur og identitet?
Faste spalter:
BOKPRAT | MIN BARNEHAGE | LES FOR MEG | AKTUELT
www.pirion.no
facebook/pirion@avisapirionfor degsom jobbar medbarn
Tips oss på pirion@norsk-plan.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om
PiRion
du har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no
PIRION ER STØTTA AV KUNNSKAPSDEPARTEMENTET, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 3/2014, 15. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar: Stiftinga Pirion Heimeside: www.pirion.no Ansvarleg redaktør: Judith Sørhus
Litlehamar, mob. 97 67 44 59 E-post: pirion@pirion.no Korrektur: Dag Gjerde Form gjeving: Salikat design
fbaargang2014 fbseksjonKIR