FOKUS
Bård Vegard
Solhjell
Stortingsrepresentant
for SV.
36 < Fagbladet 5/2014
«Kultur er viktig.» Smak på dei
orda. Saman gjer dei meir enn ein
halv million treff på Google. Det
finst ikkje ein politikar som aldri
har ytra dei. Og dei er djupast sett
meiningslause.
Alle kan seie at «kultur er viktig».
Det er verdas mest keisame setning,
fordi den rommar alt og ingenting.
Alt, fordi «kultur» jo er alt det vi
menneske – medvete eller ikkje –
gjer i lag. Ingenting, fordi kulturen
først blir «viktig» i politikken når
den faktisk prioriterast. Føre andre
gode føremål.
Ingen politikar vil stå på ein
talarstol og si at «helse er viktig»
eller at «skule er viktig». Det ville
høyrast ut som om vedkommande
ikkje hadde noko betre å kome
med. Kunst og kultur er ikkje
«viktig». Kunsten er ikkje «krydder
» i livet. Det er noko av sjølve
hovudretten.
Det må òg vere utgangspunktet
for politikken. Kulturpolitikken må
vere i kjerna av nasjonal politikk.
Ingen politikar som vil byggje eit
betre samfunn for folk, skal kunne
gløyme kulturpolitikken. Til det er
den altfor viktig for demokrati,
fridom og samfunnsbygging.
Grunnlova slår fast kva prinsipp
og verdiar samfunnet vårt byggjar
på, og i desse dagar skal ho reformerast
av Stortinget. SV meiner det
Eg vil at kulturpolitikken skal ha same plass i politikken,
som kunst og kultur har i liva våre.
Kultur er ikkje viktig?
statsbudsjettet til
«Høgresidas fridomsreform
kultur. Gjennom
åtte raudgrøne framstår som ein fridomsbløff,
år blei målet
eit skalkeskjul for mindre
nådd, og
kulturbudsjettet pengar og større private innslag
nesten dobla.
i kulturlivet.»
er grunn til at retten til kulturell
deltaking og kulturell fridom skal
slås klarare fast i Grunnlova. Dei
statlege styresmaktene skal respektere
den kulturelle identiteten til
kvar einskild og leggje til rette for
at alle kan delta i kulturaktivitetar
og oppleve eit mangfald av kulturuttrykk,
og den vitskaplege og
kunstnarlege fridommen skal
respekterast.
Dette bør stå i Grunnlova. Men
viktigare: Dette bør liggje til grunn
for kulturpolitikken – og heile
politikken.
Denne våren er det ti år sida
Kulturløftet blei lansert. Kulturløftet
sitt viktigaste mål var å bruke ein
prosent av
Kulturløftet
gjorde også
kulturpolitikk til realpolitikk. Støtta
til kultur gikk framfor støtte til
andre viktige samfunnsføremål.
Kultur blei løfta opp i politikkens
eliteserie.
No har den nye regjeringa varsla
si retning i kulturpolitikken,
gjennom det dei kallar ei «fridoms
reform» som skal gje «auka
maktspreiing, høgare kvalitet og
breiare finansiering av kulturlivet».
Høgre har mellom anna varsla at
dei vil ha færre politiske føringar
på institusjonane, utan å forklåre
kva føringar det gjeld. Dei vil gje
Kulturrådet vidare rammer til å
omprioritere, altså meir fridom til
byråkratiet. Ut over det er oppsummeringa
mi at høgresidas fridomsreform
– til no – er innhaldslaus.
Den framstår som ein fridomsbløff,
eit skalkeskjul for mindre pengar og
større private innslag i kulturlivet.
I verkelegheita er Torhild Widvey
sin politikk å devaluere kulturpolitikken.
Å bruke mindre pengar på
kultur, og å flytte makt frå folkevalde
organ til marknaden, det er å
gjere kulturpolitikken mindre viktig
i politikken. I Stortinget formulerte
Widvey seg slik: «Jeg mener at et
ensidig fokus på tilskuddsnivået
gjennom mange år har fjernet
oppmerksomheten fra innhold og
fbaargang2014 fbseksjonKIR