36 < Fagbladet 2/2015
A pparatet ser ut som ein liten mobiltelefon med
ein stor raud alarmknapp midt på i staden for
tastatur. I tillegg er der symbol som viser ein
raud og ein grøn telefon. Men brukaren kan
ikkje ringe med den, berre svare på anrop. GPS-en får lett
plass i ei handveske eller jakkelomme. Men for at den
skal fungere, må den vere slått på og batteriet vere lada.
Og sistnemnte må gjerast ofte, gjerne kvar dag om den er
mykje i bruk.
«Sporingseining» er det offisielle namnet. Den er kopla
til ein mobiltelefon som får ei tekstmelding når brukaren
trykkjer på alarmknappen. Mottakaren kan då enten aktivisere
ringefunksjonen for å snakke med avsendaren,
eller spore vedkomande
via mobilen eller ved å
logge inn på nettsida med
kartet som viser kvar brukaren
er.
Prøveprosjekt
Ulstein kommune er med
i Velferdsteknologiprosjektet
på Sunnmøre i lag
med Ålesund, Ørskog, Vanylven og Herøy. Prosjektet
starta i 2012 som del av Det Midt-Norske Velferdsteknologiprosjektet,
der målet var å teste ut ny teknologi i dei
kommunale pleie- og omsorgstenestene. Ulstein var med
i gruppa som skulle prøve ut om Global Positioning System
(GPS) kan bidra til å gi demente og familiane deira
ein tryggare og friare kvardag. Konklusjonen er klar:
– Ja og nei! Marit Botnen får samtykkande nikk frå
Gunn Helen Muren, leiar ved demensavdelinga ved Ulstein
sjukeheim.
– Når rett person får utstyret og det fungerer som det
skal, gir det større fridom. Han eller ho kan bu heime, og
dei pårørande slepp angsten for ikkje å finne vedkomande
om han eller ho går seg vill, forklarer Muren. Men då
er altså føresetnaden at utstyret verkar som det skal, og
det er det slett ikkje alltid at det gjer, i alle fall ikkje det
utstyret som vart brukt i prosjektet.
Umoden teknologi
Etter omfattande intervjurundar med brukarar og pårørande
fekk 16 personar i dei fem deltakarkommunane
kvar sin GPS. Eit halvt år seinare var berre fem i bruk.
Rapporten etter prøveprosjektet summerer kvifor: For
dårleg batterikapasitet, apparatet har for mange knappar
og er vanskeleg å forstå for
dei med størst kognitiv
svikt, sporinga fungerer
berre utandørs og alarmfunksjonen
brukar ofte lang
tid på å nå fram til mobiltelefonen
den er kopla til.
Berre ein GPS er framleis
i bruk av dei Ulstein kommune
delte ut. Likevel er
både Botnen og Muren begeistra og meiner det berre er
eit spørsmål om tid før teknologien er forbetra og GPSsporing
kan brukast av fleire. Særleg vil det auke livskvaliteten
for fysisk spreke demente, som då kan bu heime
lenger og får bevege seg fritt slik dei gjorde før dei vart
sjuke. Også pårørande får det lettare når dei slepp å bekymre
seg heile tida. Det er gjerne dei som er pådrivarar
for å prøve sporing.
– Men ein GPS kan ikkje hindre skader, ulykker eller
at du går deg vill. Den kan berre gi tryggleik for at du blir
funnen dersom noko skjer, påpeikar Muren.
Tekst og foto: May Britt Haukås
– Utstyret passar ikkje for alle, og teknologien er ikkje godt nok utvikla
enno. Men når det fungerer, er det eit fantastisk hjelpemiddel, seier Marit
Botnen, helse- og omsorgssjef i Ulstein kommune på Sunnmøre. Dei har
testa ut GPS-sporing av demente.
spreke demente GPS-sp orar
«Der det har fungert,
får vi eintydig positive
tilbakemeldingar.»
Marit Botnen , Helse- og omsorgssjef
i Ulstein kommune.
fbaargang2015 fbseksjonHEL