Fagbladet 2/2015 < 41
Den siste boka frå Roald Kaldestad er
ei nydeleg og litt trist forteljing om
venskap. Om det å oppleva at bestevennen
fl ytter, om historia dei har hatt
i lag og om saknet og lengta og om
regn. Masse regn. Og eit nytt håp.
«To hundre og sekstini dagar
med regn. Han ser lauvet falla som
kalender ark frå trea. To hundre og
seksti ni dagar. Og kvar gong det
regnar, saknar han sin beste ven.»
Biletboka er vakkert illustrert der
gråblått og raudt er hovudfargar. Det
er fi ne raude lauv og uttrykksfulle
andlet. Sjølv om teksten fortel om
nyansar av grøne fargar synest eg einskilde
av illustrasjonane er I overkant
mørke og dystre.
Han drøymer om ho der dei sprang
over slettene. Om jojoen dei grov ned.
Det har regna I lang tid, og Kaldestad
skriv om ulike typar regn: vårregn,
yr, duskeregn og høljeregn. Slik som
kjenslene våre varierer, endrar òg
vêret seg. Ein dag tek regnet slutt, og
melankolien endar. Ei ny jente fl yttar
inn I nabohuset. Kanskje han får ein ny
bestevenn?
Dette er nok ei historie som fl eire
barn kan kjenna seg att.
Biletboka kan passa godt til høgtlesing
for barn frå fi re-fem år.
Meldt av: Camilla Ruhs
Kva seier musa? Kvifor er snigelen
våt? Finst det fl yplassar for fuglar?
Små og store ting, dyr og planter har
sine løyndomar. Menneske har også
det. Den fi ne boka Løynde ting hjelper
lesaren å skjerpa sansane; som ein
hjort som lyttar eller ein fårehund
med hjernen sin i potane. Boka av den
prislønna skotske barnebokforfattaren
er full av undring av små og store ting
i kvardagen. Kanskje lærer me då å ta
betre vare på verda og kvarandre?
Dikta kan passa godt til høgtlesing
for små og store menneske frå fi re år og
minst til hundre. Boka er varmt tilrådd!
MELDT AV: Svein Olav B. Langåker
BOKMELDINGAR
Roald Kaldestad (tekst) og
Bjørn Rune Lie (illustrasjon
Magikon forlag 2014
Kenneth Steven
I utval og gjendikting av
Per Olav Kaldestad
Nordsjøforlaget 2014
TO HUNDRE OG
SEKSTINI DAGAR
LØYNDE TING.
DIKT FOR BORN
gjeve dei som jobbar med denne
gruppa eit nytt mandat. Der det
tidlegare har handla om å la barn
utvikle seg i sitt eige tempo, kan
dei no leggje til rette for det,
lenge før borna byrjar på skulen.
– Tjue prosent av alle barn
har lese- og skrivevanskar, som
gjerne ikkje vert oppdaga før i
fjerde-femteklasse. Det er aldri
for seint å lære, men fokuset i
Noreg har vore på å handtere
lese- og skrivevanskar framfor
å førebyggje dei. Me kan
ikkje halde på slik, konkluderer
Aabrekk, og slår fast:
– Eittåringane er nøkkelen.
Med førebygging kan me aldri
vete kven som har behov for det,
men alle barn kan ha nytte av
det. Det er ei investering i barnas
framtid.
Nordisk satsing
Kring 200 norske barnehagar
har teke i bruk Bravo-leken, og
i desse dagar arbeider selskapet
Intempo med å lansere produktet
på den
danske
marknaden. I tillegg er det
pedagogiske leikeverktyet er òg
omsett til tre samiske språk.
Oppsedinga av 0-3-åringane
bør vere eit tett og godt samarbeid
mellom foreldre, barnehage
og helsestasjon, meiner spesialpedagogen,
som vonar at læreopplegget
hennar òg vert teken
i bruk av foreldre som er heime i
permisjon med borna.
Aabrekk meiner dessutan at
assistentar som arbeider i barnehage
har ei unik moglegheit til å
bidra til barns hjerneutvikling,
og pensum for barnehageassistentar
vidaregåande difor i stor
grad burde handle om hjernen
og moglegheitene som ligg der.
– Forsking viser at nettverket
i hjernen vert forma dei første
to-tre leveåra. Jo, fl eire sanseinntrykk
borna har fått som små, jo
betre utvikle er områda i hjernen
20 år etter, avsluttar ho.
Å la ungane kjenne på ei fl aske varmt vatn kan hjelpe når
ein lærer ordet varm. Foto: Intempo
Heidi Aabrekk (t.v.) får gode tilbakemeldingar
av både born og vaksne som
nyttar Bravo-leken. Foto: Øystein Frøyland
fbaargang2015 fbseksjonKIR