colourbox.com colourbox.com når meiningsmålingsinstitutta ringjer, er ein ting. Noko anna er å skulle svare ja når ein er å finne ved dødsleiet til eit kjært familiemedlem og skal ta avskjed. I overkant av 100 døde pasientar i året blir donorar av indre organ, som i neste omgang gir nytt liv til meir enn 700 per- sonar. Likevel blir listene over pasientar som ventar på nytt organ lengre. Også talet på hornhinner som kvart år blir henta frå døde pasientar her til lands, ligg i overkant av 100. Det er all grunn til å spørje korleis det kan ha seg at vi alle håpar på å bli tilgodesett med gjenbruk av andres friske organ, celler eller vev, når vi sjølve eller ein av våre næraste står på vent og treng det, medan vi blir i tvil om organa våre kan tilfalle andre når vi er på veg ut av livet og for eigen del ikkje treng dei lenger? Korleis kan vi rekne med at andre vil levere livsviktige varer til vårt bruk, når vi sjølve ikkje ser det som opplagt at vi skal levere frå oss til andre av det som framleis er brukbart i maskineriet, men som vi for vår del ikkje lenger har noko glede av og trong for? Dagens situasjonsbilete rommar med andre ord fleire tankekors og kallar nok på visse omleggingar på haldningsplanet. Også styresmaktene har så avgjort utfordringar på dette området: Korleis kan dei medverke til å styrkje og vidareutvikle obduksjon og donasjon, samstundes som premissane og rammeverket er uklanderlege og tillitsvekkjande? Korleis kan dei best kommunisere med oss som innbyggjarar om denne tematikken? Kor opne og direkte kan dei vere på desse områda i omgang med brukarane? Korleis bør informasjonen om temaet utformast, kven skal vere adressatane og når? Er det ei god løysing å skyve spørsmålet om samtykke over til pårørande – til og med innanfor rammene av eit dødsleie – slik tilfellet er i dag, og utruste dei med vetorett? Kva med donorkort? Dette er berre nokre av dei mange spørsmåla som dei folkevalde i helse- og omsorgskomiteen må handsame når dei i denne stortingssesjonen skal ta stilling til departementet sin proposisjon til ny lovgiving for desse verksemdene. Fagbladet 5/2015 < 41 fbaargang2015 fbseksjonHEL