fly
kanskje. Eg prøvde fordi eg likar dyr så
godt, seier Nora, som bur på ein gard med
katt, høne, kyr og kanin.
Forbode å kaste bos
I barnehagesofaen er sortering og det å
ikkje forsøple eit viktig tema.
– Naturen kan bli øydelagt av bos.
Eg har sett mykje bos i naturen. Det er
natursvin som hiv boset, seier Nora.
– Kanskje me kan setja opp eit skilt, der
det står at ein ikkje skal kasta bos for å ta
vare på miljøet. Eller eit flagg der det står
at i Noreg skal ein ikkje kasta bos, seier
Sebastian.
– Og så kan ein ta med ein pose og
plukka bos, seier Nora.
– Eller ein kan fiksa boset, slik at ein kan
bruka det opp att, seier Sebastian.
– Sorterer dykk boss heime?
– Me må sortera heime. Eg har laga mitt
eige bosspann av ei øskje, seier Eldrid.
– Me må sortera flasker, papir, bioavfall
og restavfall. Brukte strømpebukser med
hol i og tannkostar må i restavfallet, seier
Nora.
– Me må sortera slik at det ikkje skal
rotne og lukte kjempeekkelt, seier Nora.
Råd mot meir regn
Klimaendringane kan føre til våtare og
villare vêr. Dei fire i barnehagen kan for-
telja at dei har sett flom på tv.
– Eg har sett på tv at det var fullt med
vatn og nokre hus hadde dotte ned i
vatnet. Dei klarde ikkje køyre bil ein gong,
fortel Eldrid.
Ungane er likevel ikkje så uroa for
regnet. Når det regnar i barnehagen har
dei ei løysing – dei har nemleg ein regn-
song.
– Me syng den songen når det regnar
og det hjelper alltid. Me syng han ein
gong, så ventar me litt og gjer det ein
gong til. Av og til syng eg han ni gongar.
Då hjelper det i alle fall, forklarar Sebastian.
Og idet vi byrjar snakka om vêret,
stemmer dei firstemt i:
BOKMELDINGKorleis skriv ein for born om noko
så stort, komplekst og viktig som
klimaendringar og vêr? I boka Når
det regnar i Afrika, byrjar Erna
Osland med regnet. Me får vita
korleis regnet blir til, og kor mange
skydropar det er i kvar regndrope.
Samtidig blir me kjent med Styrk
som drøymer om regn. Far hans og
mormora hans er i Afrika og byggjer
vatningsanlegg, men regnet kjem
ikkje.
Dei mindre historiene om Styrk
passar godt til faktatekstane, men
kan òg lesast berre for seg. Dei
gjev fine avbrekk innimellom all
kunnskapen som strøymer over dei
nesten 90 sidene i boka. Her er det
mykje å læra, både for vaksne og
barn! Erna Osland viser igjen evna si
til å skapa undring og lyst til å lesa
meir om den forunderlege verda me
bur på.
Med historiene om Styrk og faren
og mormora hans i Afrika er òg
med på å visa engasjementet til
for fattaren for kva som hender med
det livsviktige vêret vårt. Som ho
skriv: «vi må gjere som Styrk:
Vi må ta grep.»
Meldt av: Svein Olav B. Langåker
Viktig bok
som tar barna
på alvorErna Osland med ei ny flott
faktabok for born – denne
gongen om vêr og klima-
endringar.
Ei bok om vêr og klimaendringar
Av Erna Osland
Illustrert av Per Ragnar Møkleby
Samlaget, 2015
Dette er ein regnvêrsang,
difor må den vere lang.
Sånn at vi kan sitte her,
til det blir litt betre vêr.
Regn, regn gå din veg.
Sol, sol, kom til meg!
fbaargang2015 fbseksjonKIR