Rasmus, Helin og Selma høyrer på formidlar Johanne Øvstebø Tvedten
lesa gamle historier på Sunnhordland Museum. Embla i framgrunnen.
Tredjeklassingane ved Leirvik skule skriv
bokmeldingar til Falturiltu-festivalen
Denne veka kjem sjølvaste Maria Parr til Stord for å vera
festivalforfattar under den nynorske barnebokfestivalen
Falturiltu.
– Læraren vår har lese Tonje Glimmerdal for oss, fortel
Malene. Boka er morosam, synest ho.
– Ho sa dust til to ungar som var der, fortel ho vidare.
Helin hugsar ho har lese Historien om korleis hunden
fekk våt snute. Og Førstemamma på Mars.
– Det er kjekt å lesa bøkene, seier ho og Selma i kor.
Men dei les ikkje berre på skulen.
– Eg les heime nesten kvar dag, seier Selma stolt.
Leseprosjekt
Tredjeklassingane ved Leirvik skule er med på eit lese-
prosjekt der dei får skriva bokmeldingar av nynorske
bøker, blant anna frå den nye serien med lettlesebøker til
Sam laget, Leseland. Læraren deira, Hildegunn Eskeland, er
glad for å få vera med på prosjektet.
– Ungane er kome veldig ulikt i leseutvikling, og då
er det fint å ha så pass mange bøker å velja mellom. Me
bruker litt tid på å finna dei rette bøkene til elevane, seier
ho. Eskeland synest det er flott at det er kome så mange
nynorske barnebøker.
oss, seier ho.
– Ungane synest det er kjekt. Det gjev ein ekstra dytt for
I haust har ungane skrive bokmeldingar av bøkene dei
har lese. Dei skriv om kva dei liker og ikkje liker ved bøkene
dei les. Bokmeldingane har dei klypt ut i sirklar som dei har
hengt på Stord folkebibliotek.
FALTURILTU UTVIDAR
Verdas første og største
nynorske barnebok-
festival varer frå 1. til 7.
november.
TEKST
OG
FOTO
:
SVEIN
OLAV
B.
LANGÅKER
– Det var så mykje me vil ha med, at
me måtte utvida med éin dag ekstra,
seier festivalsjef Roald Kaldestad.
Festivalforfattar Maria Parr går
som ein raud tråd gjennom heile
festivalen. Det er utstillingar og
seminar med forfattaren, i til-
legg til at studentar ved Høgskolen
Stord Haugesund set opp Tonje
Glimmerdal-musikal.
Dagsland og Nordstoga
Maria Parr er med på å møta Sigvart
Dagsland når han held konsert i
Stord kyrkje og Odd Nordstoga held
konsert og kjem truleg til å spela
nokre av songane frå vaffelhjarte-
plata Bestevenn.
I tillegg til Stord kommune, blir
det arrangement i nabokommunane
Fitjar og Kvinnherad.
Stord kulturskule har eigen
konsert saman med forfattaren
Hans Sande. Sande er også blant
kunstnarane ein får treffa i ord- og
bilde-verkstaden som vil gå føre seg
i Galleri Giga heile festivalveka, der
også utstillinga hans Hjartet raknar,
huset står, vil vera å sjå ut veke 46.
150-årsjubileum
Ingunn Røyset og Trio Vest vil gjera
heile sju førestillingar rundt om
i Sunnhordland, med musikk frå
1940-talet og tekstar frå barne-
bøkene Dei et ikkje sjokoladepålegg i
krigen og Aldri fred å få.
Og barnebokfestivalen vil òg
markera 150-årsjubileet til Alice i
Eventyrland.
I tillegg blir det to heildagssemi-
nar på høgskulen om nynorsk barne-
og ungdomslitteratur og formidling.
Her er nokre av forfattara-
ne som deltar på Falturiltu:
Rune Belsvik, Bente Bratlund, Tor
Arve Røssland. Berit Rødstøl, Maria
Parr, Sissel Horndal, Atle Hansen og
Martine Grande, Anna R. Folkestad,
Vegard Markhus, Anders Totland og
Ingvild Sjo.
Hege Myklebust, Roald Kaldestad og Jane Jünger i programkomiteen til Falturiltu.
fbaargang2015 fbseksjonKIR