FOKUS
Stortinget vedtok 8. juni å endre offentleglova slik at eit byråd
sine sakslister og saksdokument kan haldast hemmeleg, og vi
kan risikere at vi ikkje får vite når politikarane startar å diskutere
viktige politiske saker.
Auka hemmeleghald
i det offentlege
Rolf Kalvø
Pensjonist, tidlegare
revisjonssjef i Bergen
kommune.
36 < Fagbladet 9/2015
Tilrådingar frå kommunen sine
fagfolk eller eksterne ekspertar treng
heller ikkje bli kjende før byrådet
konkluderer.
Det er tre store byar som nå har
byråd – Oslo, Bergen og Tromsø –
og som har avskaffa formannskapssystemet.
Felles for desse kommunane
er at dei har innført eit såkalla
parlamentarisk styringssystem som
erstatning for formannsskapssystemet.
(I skrivande stund er det gjort
kjend at det nye styret i Tromsø vil
gå tilbake til formannskapssystemet,
og det er interessant å konstatere.)
Det har blitt hevda at parlamentarisme
gir grunnlag for ei meir
effektiv styring, men det er vel minst
like tydeleg at ein kan miste ein
hevdvunnen demokratisk dimensjon.
Det parlamentariske systemet i
dei nemnde tre byane er ikkje
identiske. Ein kan rett nok hevde at
bergensmodellen har nærma seg
oslomodellen. Dei første åra med
parlamentarisme i Bergen var det til
dømes bystyret som valde medlemmane
til byrådet. I Oslo har det
alltid vore byrådsleiaren som har
peika ut byrådet, akkurat som
statsministaren peikar ut statsrådar
på statleg nivå.
I Bergen treng ikkje nokon av
byrådsmedlemmane å vere valde til
bystyret. Praksisen i Oslo er at i alle
fall leiaren må vere vald til bystyret.
Poenget mitt er at kommuneparlamentarisme
eller byparlamentarisme
ikkje er eit eintydig definert omgrep,
og kan praktiserast ulikt.
Eit gjennomgåande trekk ved
lokalforvaltningssystemet vårt har
vore at det er kollegiale organ som
fattar vedtak. Det som er ein viktig
basis for slike kollegiale organ, er at
dei skal reflektere folket si oppfatning,
og er derfor ein viktig del av
det som vi oppfattar som folkestyre.
på at det er oslomodellen ein har
hatt i tankane ved den konklusjonen.
Men det kan vere spørsmål om
den måten dette nyleg er gjort på i
Bergen tilfredstiller dette kravet. Der
blei byrådsleiaren fleirtalsvald på eit
partimøte, og ingen av dei andre
medlemmane treng eingong å vere
vald til bystyret.
På statsplan reknar vi at parlamentarismen
blei innført i 1884 ved
riksretten mot regjeringa Selmer, og
har følgeleg ei 130 års utviklingshistorie.
Byparlamentarismen i Bergen
har ein 14-årig utviklingshistorie
«Det kan og vere eit poeng at risikoen for å bli
sett i korta gjer at mange held seg unna å gjere
ulovlege eller tvilsame ting.»
Det kan vere eit interessant
spørsmål om eit byråd eigentleg
treng å bli oppfatta som eit folkevald
organ. Det er rett nok folkevalde
som har vald eller rettare
utpeika medlemmane. Men kan ein
dermed kalle dei folkevalde?
Kommunaljuridisk har ein visstnok
konkludert med at byrådet er eit
kommunalt vald organ. Mykje tyder
bak seg, men systemet har hittil
ikkje blitt fagleg evaluert.
Eit av parlamentarismen sine
berande prinsipp er at den politiske
leiinga har det direkte ansvaret for
virket til den underliggjande
forvaltninga. Men i Bergen har vi
sett eksempel på at dette ikkje har
fungert slik. Giardia-skandalen er
eit slikt eksempel. I kjølvatnet av
fbaargang2015 fbseksjonKON