Foto: Oslo kommune Foto: Oslo kommune
den saka gjekk ein fagdirektør – altså ein
administrativt tilsett – stille og roleg ut. Eit
verkelig politisk ansvar blei ikkje gjort
gjeldande.
Stortinget vedtok denne lovendringa på
grunnlag av eit såkalla dokument 8-vedtak.
Nokon omfattande behandling av framlegget
fann ikkje stad. Det var tydelegvis gjort
effektivt «forarbeid» i denne saka. Justiskomiteen
tilrådde vedtaket raskt. Og
Venstre vingla seg tilbake til sin liberale
tradisjon og stemde mot lovendringa.
I Oslo, Bergen og Tromsø var det borgarleg
styre. Saka starta med at stortingsrepresentantar
frå regjeringa ville kome desse
forvaltningane i møte med ei lovendring.
Men dei fekk med seg fleire parti – også
Arbeidarpartiet. Ei samstemd presse hadde
innvendingar mot lovendringa og behandlingsmåten
for saka. Her kan det vere
freistande å minne om erfaringar som
nettopp pressa har gjort kjend for allmenta.
Det kan til dømes vere relevant å minne om
vannverkskandalen frå Romerike der eit
interkommunalt selskap over fleire år lurte
unna 20–30 millionar kroner – betalt av
abonnentane. Utan kritisk og gravande
journalistikk hadde denne saka neppe blitt
kjend. Kommunane sine eigne kontrollorgan
kunne ikkje ha greidd dette utan pressa
si hjelp.
Også frå nyare tid har det kome opp
saker som har blitt kjende for allmenta
nettopp på grunn av pressa sin undersøkjande
journalistikk. Dette har vore saker
som sikkert mange av dei involverte skulle
MEIR HEMMELEGHALD: Det kan vere eit
demokratisk problem å fjerne eit folkevald
formannskap, og erstatte det med eit byråd,
meiner fokusforfattaren.
ønskje blei haldne unna. Det kan og vere eit
poeng at risikoen for å bli sett i korta gjer at
mange held seg unna å gjere ulovlege eller
tvilsame ting – altså ein klår førebygging og
styrking av folk sin tillit til forvaltningssystemet.
Makthavarar har aldri likt å bli sett i
korta, og slik er det vel framleis. Men då er
det ein ekstra grunn til å ha denne moglegheita
open – ikkje redusere han slik det no
ser ut til å vere gjort ved å endre offentleglova.
Fagbladet 9/2015 < 37
fbaargang2015 fbseksjonKON