FOKUS Det er sjølvsagt at vi får reint drikkevatn frå vasskrana. Diverre finst det mykje som kan påverke den trygge vassforsyninga, og samfunnstryggleik kjem stadig høgare opp på dagsorden i vassbransjen. Hanna Kvamsås Rådgivar i Seksjon samferdsel og teknisk i Fagforbundet. Artikkelen er skriven med sterk inspirasjon frå Norsk Vanns årskonferanse i Kristiansand 2015, samt frå kjelder på www.norskvann.no. Samfunnstryggleikog risiko i vassbransjen Vassbransjens tenester er grunnleggande for at samfunnet vårt skal fungere, men eit uavgrensa tal ulykker, kriser, truslar og naturfenomen kan påverke vassforsyninga. På Norsk Vanns årskonferanse i Kristiansand i september var tryggleik i vassbransjen eit av mange viktige tema. Seniorrådgivar ved Nasjonal Sikkerhetsmyndighet, Jørgen Dyrhaug, fokuserte på «Det ein ikkje veit at ein ikkje veit» som ein av dei store truslane mot tryggleik i vassbransjen. I innlegget la han vekt på korleis vassbransjen er svært sårbar for dataangrep og villa hendingar. Det ein ikkje veit at ein ikkje veit er og aktuelt for andre område der vassbransjen er sårbar. Eit vassverk må vere i stand til både å vurdere og handtere uventa hendingar som til dømes flom, tørke, brann, strømsvikt og forureining. Enkelte uønska hendingar kan og ramme fleire sektorar samtidig. Eksempel på dette er ekstremvêr, pandemi og trusselsituasjonar som skaper kriseliknande tilstandar. Samordning mellom ulike sektorar, etatar og aktørar er viktig for god beredskap, og for å ivareta eit forsvarleg tryggleiksnivå i vassbransjen. Drikkevatn er vårt viktigaste næringsmiddel, og drikkevasskvaliteten i Noreg har historisk sett aldri vore så bra som i dag. Samtidig ser ein utfordringar i arbeidet med å oppretthalde den gode kvaliteten i åra framover. Reint vatn held folk friske medan forureina vatn kan gjere folk alvorlig sjuke. Krava til kvalitet og tryggleik i vassforsyninga er i stadig utvikling, i takt med kunnskaps- og velstandsutviklinga i samfunnet rundt. Ifølge RIFFs rapport State of the Nation frå 2015 får norske vassforsyningsanlegg karakter tre grunna vedlikehaldsetterslep og forfall på leidningsnett som fører til lekkasjar, og som er med på å true stabil og sikker forsyning av trygt og reint vatn til ei kvar tid. Over 30 prosent av drikkevatnet går tapt i form av lekkasjar. Omlag 85 prosent – eller 4,3 millionar årskonferanse vart det samtidig understreka at behova for utbetring varierer veldig, og at anbefalingane for fornying må tilpassast lokale behov. Klimaendringar representerer ei stor utfordring for vassforsyninga, og god beredskap blir stadig viktigare for å sikre trygg vassforsyning. Når kommunane lagar beredskapsplanar for ras, flom, øydelagde hus, vegar og bruer som følgje av sterkare stormar og hyppigare ekstremnedbør, er det svært viktig at infrastruktur rundt vassforsyning er sikra. Meir ekstremnedbør gjev større avrenning og meir forureina råvatn. Dette aukar behovet for å sikre drikkevasskjeldene, som i Noreg i stor grad er – av Noregs overfl atevatn. «For å trygge norsk vass befolkning Meir nedbør vert forsynte forsyning, treng ein auka kan og føre med vatn frå kunnskap om kvalitet på til større 1100 kom-risiko for brot vassforsyninga og på munalt eigde på leidningsvassverk. 90 sjukdomsførekomstar nettet, særleg prosent får ved flom grunna forureina vatn.» vatn frå overfl atekjelder, 10 prosent frå grunnvasskjelder. Snittalder for det kommunale vassleidningsnettet i Noreg er 34 år. Årleg fornying av det kommunale vassleidningsnettet er anbefalt å ligge på 1,2 prosent for å unngå ytterlegare forfall. På Norsk Vanns situasjonar, då fare for forureining i nettet kan verte eit problem. Omgrepet risiko er definert som eit uttrykk for den faren som uønska hendingar og tilstandar representerer for menneske, miljø eller materielle 36 < Fagbladet 9/2015 fbaargang2015 fbseksjonSAM