Foto: colourbox Foto: colourbox verdiar. Regelverk som omfattar tryggleik rundt vassforsyning er i stor grad retta mot førebyggande tiltak og avviksbehandling. Å minimalisere vassforsyningssystemets sårbarheit er spesielt viktig ved prosjektering, vedlikehald og ombygging, samt ved driftsovervaking. Vassbransjen må både vere gode på å redusere risiko gjennom tiltak for å sikre at det ikkje går gale, samt på beredskap – å kunne handtere situasjonen om det likevel går gale. Kommunen har eit overordna ansvar for vassforsyning innanfor kommunegrensene slik det framgår av plan- og bygningslova samt kommunehelsetenestelova. Den som har ansvar for ei teneste har og ansvar for naudsynte beredskapsførebuingar. Drikkevassforskrifta krev at eit vassverk har ein beredskapsplan som gjer det i stand til å handtere uønska hendingar. Vassverkseigar skal gjennomføre nødvendige beredskapsførebuingar og utarbeide beredskapsplanar for å sikre levering av tilstrekkelige mengder drikkevatn og under kriser og katastrofar. For å trygge norsk vassforsyning, treng ein auka kunnskap om kvalitet på vassforsyninga og på sjukdomsførekomstar grunna forureina vatn. Det er semje i fagmiljøa om at vedlikehaldsetterslepet på leidningsnettet må møtast med tilstrekkelege ressursar, og at ein treng forsking, teknologiutvikling og gode datasystem for å møte nye og ukjende truslar. Og sidan ein av dei største truslane mot tryggleiken for norsk vassforsyning er det ein ikkje veit at ein ikkje veit, må ein kanskje først og fremst finne ut av dette. Fagbladet 9/2015 < 37 fbaargang2015 fbseksjonSAM