PIT PARION PIT PARION
Nynorsknattasongpånettbrett?
Jens Haugan har nettopp kome med barnebok, men tvilar påat felles kosetid med ungane blir med eit nettbrett.
Eg har nettopp fått gjeve ut eit
barnebok for dei minste, «No kan
du sove, vesle gut», som eg laga
saman med biletkunstnaren Bente-
Linn Bergene Huseby.
Boka er rimeleg tradisjonell sidan det er fine fargar
og kontrastar og relativt lite tekst. Men i tillegg er
teksten også ein song. Bak i boka finn ein notane og
grepa til songen. Elles er teksten på nynorsk, og det
er kanskje ikkje så «tradisjonelt» – i alle fall ikkje
på Austlandet. Det er nok av historier å høyre frå
bokhandlarane – i alle fall her på Austlandet – som
fortel at folk ikkje kjøper barnebøker på nynorsk. Men
no er eitt poeng med denne boka nettopp at ho skal
vere på nynorsk. Ho skal vere eit tilbod i det store
havet av bokmålslitteratur, og ho er meint å vere eit
relativt lett og greitt tilbod til dei som eventuelt vil
«utsetje» ungane for nynorsk eller «sidemålet» tidleg
i barndommen. På eitt eller anna vis må det vel vere
mogleg å få folk til å skjønne at nynorsk ikkje er noko
vanskelegare eller mindre naturleg på barnerommet
enn bokmål.
For å gjere det enda lettare for foreldre og barnehagetilsette
valde eg å spele inn songen og lage ein
liten YouTubevideo
der eg også har brukt bileta
frå boka. Det er jo ikkje alle som les notar, så no kan
ein lære seg songen ved å høyre han på nettet. Men
forlaget var litt skeptisk til dette og meinte at ein jo
ikkje trong å kjøpe boka, no når meir eller mindre heile
boka låg på nettet. Men då er spørsmålet: Kor realistisk
er det at nokon vil bruke nettbrett eller PC i staden for
ei tradisjonell bok når ein skal ha kosetid saman med
ungen eller ungane? Nettbrettet er på god veg til å
finne sin faste plass i samfunnet, men kan det erstatte
den viktige, personlege tida ein har saman med barna
like før dei sovnar? Neppe. Ungane kan bruke nettet
for å lære seg songen, og for å få ekstra motivasjon til å
høyre og eventuelt lese nynorsk, men det vil nok alltid
vere den nære omsorgspersonen som bør ha oppgåva
med å lese eller syngje før ungen eller ungane skal sove.
Dette kan ein ikkje overlate til nettet, og det er ikkje
ei oppgåve eg ønskjer ta ifrå foreldra eller barnehagepersonalet.
Eg ville berre lage nokon pedagogiske
ressursar som ein kan bruke på ulike måtar.
Kultur, språk og litteratur
På nettsida vår kan du og lesa om Pirionkurs: Korleis kan vaksne blimedvitne brukarar og formidlarar av språk, kultur og identitet?
Faste spalter:
BOKPRAT | MIN BARNEHAGE | LES FOR MEG | AKTUELT
www.pirion.no
@avisapirionfor degsom jobbar medbarn
Tips oss på pirion@pirion.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du
har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no PiRion
PIRION ER STØTTA AV KUNNSKAPSDEPARTEMENTET, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 8/2015, 16. årgangen – ISSN 15023036
Utgivar:
Stiftinga Pirion Heimeside:
www.pirion.no Ansvarleg redaktør:
Svein Olav
Langåker, mobil 94 87 53 65 E-post: pirion@pirion.no Korrektur: Halldis Furre Form gjeving: Salikat design
fbaargang2015 fbseksjonKIR