TEK ANSVAR: Zainab Noori
Painda trivs med ansvar og
utfordringar. Difor passar
ho godt i heimetenesta. Her
er ho heime hos Olefine
Eikefjord i Florø.
TEK ANSVAR: Zainab Noori
Painda trivs med ansvar og
utfordringar. Difor passar
ho godt i heimetenesta. Her
er ho heime hos Olefine
Eikefjord i Florø.
SMART: – Eit
kommunalt
føretak gjev
kommunen god
styring, meiner
Jan Henrik Nygård.
Flora kommune tek sjølv hand om asylsøkjarane og
flyktningane. Då går også overskotet tilbake til
kommunekassa.
Ein av dei som er glad for at flyktninger vil bli buande i Flora,
er Arild Melvær, dagleg leiar av Innvandrarsenteret KF
(kommunalt føretak).
Nesten halvparten av flyktningane vert buande i kommunen,
eit tal Melvær meiner er ganske bra for ein distriktskommune.
Nesten tretten prosent av dei 12.000 innbyggjarane i Flora
er innvandrarar. Over 40 prosent har flyktningbakgrunn. Sidan
1987 har kommunen teke imot og busett
nesten 1400 flyktningar.
Millionoverskot
Flora er ein av få kommunar, og den
einaste i Sogn og Fjordane, som sjølv
tek hand om asylmottak og skolering
av flyktningane.
Innvandrarsenteret i Florø er delt inn
i tre einingar; asylmottak med 190
plassar, integreringsavdeling og
vaksenopp læring.
Alle statlege midlar som følgjer
asylsøkjarane og flyktningane, går
gjennom Innvandrarsenteret. Omsetnaden
er på om lag 65 millionar kroner årleg. Etter at senteret
hadde betalt nesten 12 millionar for kommunale tenester som
til dømes barnehage, skule og helsetenester, sat dei i 2015
igjen med eit overskot på 6,4 millionar.
Nyttar pengane der det trengst mest
Jan Henrik Nygård (V), varaordførar i Flora, meiner flyktningane
blir tatt godt hand om.
– Innvandrarsenteret har lang erfaring og høg kompetanse.
Dessutan er næringslivet og kommunen open for å gje
språkpraksisplassar, seier han. Nygård er sjølv dagleg leiar av
ein liten bedrift med ni tilsette, og dei har ofte innvandrarar
som treng språk- og arbeidspraksis.
Varaordføraren meiner det er ein stor fordel at Innvandrarsenteret
blir driven som eit kommunalt føretak.
– Det gjev oss betre styring slik at me kan bruke pengane på
kommunale tenester ettersom behova endrar seg. Viss det til
dømes er mange spedbarn, bruker me meir på helsestasjonen,
eller me sett inn ekstra ressursar i barnehage eller skule
dersom me har mange born med innvandrarbakgrunn.
«Distrikta
treng inn-
vandring.»
Arild Melvær
Ein internasjonalkommune
Fagbladet 3/2016 < 33
fbaargang2016 fbseksjonHEL